Må få lure meg til ein liten kommentar sjølv om eg ikkje er med på felleslesinga av "Thomas Manns verdensberømte suksessroman" (sitat frå cover) Eg har kika innom ved eit par anledningar, som nokre av dokke kanskje har sett, og det har fanga interessa mi såpass at eg i dag har vore på biblioteket og lånt filmen. På coveret kan eg lese:
"Fantastisk ....storartet skuespillerkunst og uforglemmelige scener"..
Så no kan eg sjå fram til den :-)
Viser 5 svar.
Har denne gått på TV i sin tid? Eg har ingen klare minne om Buddenbrooks som sådan, men scena i del 4 kapittel 4 der Thomas snakkar til demonstrantane utanfor borgarrepresentasjonen sitt møtelokale, meiner eg bestemt å ha sett. Eller i det minste ei som liknar fælt.
Replikkvekslinga som først og fremst har satt seg i minnet er der Smolt seier dei vil ha republikk, Thomas gjer merksam på at det har dei alt, og at Smolt så svarer at dei vil ha ein til. Ubetaleleg.
Det kan då vel ikkje vere andre TV-filmar eller seriar der ei slik replikkveksling har funne stad?
Denne gjekk faktisk på NRK-TV i 2012, les eg meg til... Vart innspelt i 2008, trur eg.
Den var både engasjerande og sjåverdig, sjølv om eg ikkje har lese boka :-)
Vi likte det vi såg, vi, og eg fekk lyst til å lese boka.
Ser ikkje vekk frå at den kan kome på leselista mi ein gong i framtida.....
Jeg har ikke vært med på denne samlesingen, men fulgt tråden. Romanen leste jeg for mange, mange år siden - men så den filmatisert for fire år siden.(DVD) - synes ikke filmen var så dum, selvsagt kan den ikke måle seg med romanen. (Som det er en fordel å ha lest før man ser filmen) - Ga den en omtale i bloggen
"Minnet er poet, ikkje arkivar eller historikar" skreiv Kjartan Fløgstad i Nordaustpassasjen. Derfor er eg ikkje skråsikker på at eg hugsar rett, men eg meiner dette er noko eg har sett lenge før 2012. og forsåvidt også lenge før 2008 då serien blei spelt inn.
Frå IMDb ser eg at det har vært fleire innspelingar av denne boka. Kanskje kan det dreie seg om TV-serien frå 1979? Dersom denne har gått på norsk TV skjedde det truleg på tidleg 80-tal. Det stemmer sånn nokonlunde med kjensla eg har av kor lenge det er sidan eg såg denne scena.
Nei, Jostein. Det er nok denne.