Det blir mykje fotball i helga. Ikkje på TV, altså, men live lokalfotball, der eg har diverse oppgåver. På køyreturen til og frå fotballen reiknar eg med å bli ferdig med lydboka Quo Vadis av Henryk Sienkiewicz. Eg må nok laste ned ei lydbok til til turen, kanskje Pygmalion av George Bernard Shaw kunne vere noko?

I tillegg så er eg noko på etterskot med ein fagpublikasjon eg skal ha klar i løpet av månaden, så eg må setje av tid til dette også. Likevel så reiknar eg med at eg kjem til å finne tid til å lese ein del. Då blir det nok utelukkande lesesirkelbøkene Silo. der eg er omlag ajour med leseplanen, og Buddenbrooks der eg er noko på etterskot.

God helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 4 svar.

A propos Pygmalion:

Wikipedikkelen forteller om Shaws gjentatte omkamp med regissører
om avslutningen, de visste så meget bedre hva som kunne gi
populær oppslutning og billettinntekter.
Så noen år etter, skrev Shaw en oppfølgende skisse:
"Hva som senere hendte".
Vet ikke hvor sterkt den er blitt hengende ved stykket, i alle fall
er den med i min Penguin utgave ca.1964
(når jeg søker isbn på den, kommer det bare opp noe annet Shaw stoff )

så hørespill-utgaver mangler vel det etterspillet, tipper jeg?

"The rest of the story need not be shewn in action, and indeed,
would hardly need telling if our imaginations were not so enfeebled
by their lazy dependence on the ready-mades and reach-me-downs
of the ragshop in which Romance keeps its stock of 'happy endings'
to misfit all stories ..."

men jeg hadde ikke akkurat klart å etterdikte det tillegget, så
vil oppfatte det som sentralt tilbehør

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Interessant. Så vidt eg kan sjå så er dette appendikset også med i lydbokutgåva eg skal høyre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Med det forbruket av lydbøker, hvor mange mil kjører du
på en typisk fotballuke?

Hvor tanker du opp (lydbøker), noen favorittkilder for tiden?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tja, bortekamp har vi berre annankvar veke, og avstanden varierer frå 0 til 15 mil. Eg har heller ikkje køyrt til alle bortekampane, så det er vanskeleg å påberope seg eit typisk antal mil. Det blei forøvrig ikkje lydbok på denne turen likevel, det var livleg og triveleg prat i bilen heile tida. Mykje betre.

Det er nok jobbreiser som er situasjonen der eg høyrer mest på lydbok. Rundt 1,5 time til nærmaste flyplass, og ofte aleine i bilen. Ja, og så til og frå gjetarhundtrening, då, det er ein dryg time kvar veg det også.

Lydbøker låner eg av og til på biblioteket, og kopierer inn på mobiltelefonen. Men dei fleste eg har høyrt hittil har eg henta frå loyalbooks, ein nettstad for gratis distribuering av lydbøker. Det er mykje gamle bøker her, og eg gjeng ut frå at det er bøker der kopirettigheitene er gått ut på grunn av alder. Opplesinga er også gjort av friviljuge, og spesielt for denne nettsida. Det er svært varierende kvalitet på opplesingane, etter å ha brent meg på dette eit par gangar så "prøvelytter" eg no alltid litt på boka før eg bestemmer meg for om eg skal laste den ned. For mange av dei meir populære bøkene er det også folk som har kommenterer kvaliteten på opplesinga, dette kan også vere til nytte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

RuneAnniken RøilKirsten LundYvonne JohannesenPia Lise SelnesPer LundMorten JensenAvaHilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiTove Obrestad WøienAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenKjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBL