Bjørn Beltø må ut på eventyr igjen. Ein kollega ligg for døden, og det kjem fram at ho vil at Beltø skal kome til botnar i ei sak ho var involvert i i Israel for 35 år sidan. I det Beltø tek fatt på saka blir mannen til kollegaen drept og sonen hardt skadd. Dermed virkar det som om det dreier seg om løyndomar som nokon set alt inn på ikkje skal bli avdekt.

Sidan utgangspunktet er eit mysterium i Israel, er det ikkje uventa at det dreier seg om arkeologiske funn som angjeng bibelhistoria. Egeland virkar å ha satt seg rimeleg godt inn i ikkje berre Bibelen, men også i prosessen som leia fram til at nettopp dette knippet med manuskript blei samla mellom to permar. Han greier dermed også ut om manuskript som ikkje blei funne å kunne innlemmast. Og den oppdikta delen av historia i denne romanen sklir fint inn i dette bakgrunnstoffet.

Beltø er for øvrig opptatt av damer. Det er i og for seg ikkje så rart, men han nyttar mykje tid på å tenke på kven det no måtte vere av hokjønn som er innanfor synsfeltet hans. I denne boka samarbeider han med ein kvinneleg israelsk arkeolog, og då er det ikkje uventa at han blir hovudstups forelska i henne. Han har ikkje alltid hatt kjærleikslukka med seg i dei førre bøkene, så det er ikkje opplagt korleis denne delen av historia ender.

Dette er den fjerde Beltø-boka eg les på mindre enn eit år. Eg kjende på at det vart litt for tett, og at det blei litt for mykje repetisjon av tematikk frå dei førre bøkene. Heldigvis liker eg Beltø godt, så det gjekk greit likevel. Eg vonar også at Egeland har planar om fleire Beltø-bøker, men skulle det kome ei ny ei i nær framtid så ventar eg nok eit års tid før eg les den.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

V. HulbackGunillaHilde H HelsethAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenEivind  VaksvikRonnyKirsten LundLailaBård StøreLars MæhlumMcHempettG LPiippokattaToveOdd HebækRune U. FurbergReadninggirl30IngeborgBeate KristinritaolineJarmo LarsenCamillaTatiana WesserlingTove Obrestad WøienInger-LisejunieJohn LarsenFredrikDemeterLisbeth Kingsrud KvistenSynnøve H HoelAlice NordliKikkan HaugenTonje SivertsenAstrid SæverhagenBente NogvaAnne Berit GrønbechKetilIreneleser