Eg er ingen diktkjennar. Likevel set eg pris på å lese dikt og rim av og til, nokre gangar tykkjer eg det er moro å sjå korleis ein kan leike med ord, andre gangar kan det vere at diktet treff noko hjå meg. Spesielt godt likar eg det dersom det er ein viss flyt i diktet, anten ved rim og rytme, eller på annan måte.

For dei fleste av dikta i denne boka så sleit eg med å finne ein slik flyt. Rett nok var der i stor grad enderim i dikta, men eg fekk berre unntaksvis rytma til å stemme. Og sjølv om eg er veldig glad i kattar, var det også berre unntaksvis at katte-temaa i dikta gav gjenklang i meg. Men eg må få lov å framheve avslutningsdiktet i samlinga, det var ei perle!

Saabye Christensen har gjeve ut ein heil haug med diktsamlingar, dette er den einaste eg har lest så langt. Men han er nok mykje meir kjend som romanforfattar, og held eg dei av romanane hans eg har lest opp mot denne diktsamlinga så gjev det meining.

Illustrasjonane til Rune Johan Andersson løfta boka. Dei var stort sett sprelske, underfundige, og humoristiske, og understreka poenga i dikta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Spesielt for katteelskere.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Takk for den lenka, eg tenkte ved eit tidlegare høve i år at eg skulle vere vaken etter tilbod på ei diktsamling av ei polsk dame som eg i ettertid gløymde namnet på. Men det var altså Wisława Szymborska, og diktsamlinga eg hadde i tankane var denne.

Men eg tipper katte-diktet du lenka til er frå denne samlinga, kanskje eg skal sjå etter den i staden?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fra Utsikt med et sandkorn, ja.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Margrethe  HaugenEli HagelundGodemineHilde H HelsethMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingVibekeTheaTherese HolmHarald KKirsten LundmarithcIreneleserkntschjrldmay britt FagertveitMathiasLene AndresenMorten MüllerReidun SvensliMarenJarmo LarsenGrete AastorpLinda RastenAnniken RøilritaolineAnne-Stine Ruud HusevågEirin EftevandEgil StangelandTatiana WesserlingTherese LierIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenGroCathrine PedersenBenedikteRufsetufsaIngeborg GNinaStig TVannflaske