Mattis er 37 år, bur saman med søstra Hege på 40, som har tatt seg av han sidan dei blei foreldrelause som unge. Mattis er lettare mentalt tilbakeståande og er også forteljarstemma i boka. Dette har Vesaas gjennomført på ein aldeles strålande måte; å la lesaren tre inn i sinnet til ein litt forvirra person. Men Mattis greier også, gjennom Vesaas, å setje ord på vanskelege kjensler, diffuse nyansar i mellommensklege forhold.

Mattis veit sjølv at han ikkje er slett så skarp som dei andre rundt han, og er også til einkvar tid var for dette. Han søker også etter samanhengar, og finn logikk på måtar som ikkje er så tydeleg for andre. Men Vesaas maktar langt på veg å gjere det forståeleg for lesaren. Einast på slutten svikta det for meg, eg makta ikkje å forstå kva for impulsar som leia Mattis til å setje seg på prøve på den måten han gjorde.

Det er ei sterk og nydeleg bok dette, som vekker mange kjensler hjå lesaren. Grei skuring, som Mattis seier ved eit par høve. Eg vingla mellom terningkast 5 og 6, det blei ein 5’ar med hårfin margin. Og eg må nok lese enno fleire bøker av Vesaas med tid og stunder.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Stine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-Lise