"Bikubesong", Frode Grytten.
Eg er ikkje det ein kallar ein målmann, men eg har heller ikkje satt meg noko mål om å ikkje være det, og har slett ikkje noko vanskar med å lese nynorsk, særleg ikkje når det er Frode Grytten som har ført pennen - for han fører den godt, og jordnært.
Bikubesong er ein roman, seiast det, men har også sett den omtalt som ei samling av noveller. Eg veit ikkje, og det er ikkje så nøye. Det som er nøye, er at han er flink til å skildre. Han skildrar ein liten by, Odda, men kunne sikkert ha vore kva liten by eller bygd som helst. Han skriv 24 forskjellige historier, men omgjevnadane er mykje dei same. Skjebnene, folka og dei forskjellige relasjonane snurrar seg rundt Murboligen. Ei blokk, eit hus "så lytt at ein kan høre om naboen inhalerte eller ikkje når han tok seg ein røyk".
Her skjer mykje og inkje. Mest mykje. Alle historiene var ikkje like gode, og det var bra ,for det gjorde dei gode betre.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

lillianerIngeborgKristine LouiseGodemineAgnesTone SundlandVibekejunieBerit B LieAnne Berit GrønbechTor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdalSynnøve H HoelStig TKirsten LundÅsmund ÅdnøyPär J ThorssonMorten JensenTore HalsaBenteJarmo LarsenFarfalleAnn ChristinEli HagelundAndreaKaramasov11Harald AndersenMorten BolstadTove Obrestad WøienAnn-ElinToveGroLailaKjell PMads Leonard HolvikAlice Nordli