Søndag morgon, og ingen planar for dagen bortsett frå lesing og film (og noko rydding og husvask og slike ekle nødvendigheiter). Det blir kanskje den siste på ei stund, i morgon kjem elevane attende, og so er me i gang. Men desto viktigare å nyta stilla (før stormen). Eg har ferda to bøker allereie i helgi - Van Gogh av Ingo Walther, som er ei rask innføring i liv og arbeid til ein av mine favorittkunstnarar, og I Capture the Castle av Dodie Smith, ein velskriven og engasjerande ungdomsroman frå 40-talet. På øyra har eg Far From the Madding Crowd av Thomas Hardy (eg rekk nok ikkje heile før eg må på kino), og klar for å fylla lesedagen ligg ei anna kinoaktuell bok, John Green sin Paper Towns. Eg likar Green, og har gleda meg til denne - håpar den lever opp til forventningane (men eg kan spara meg for gråtetoktene frå Alaska og Stars...)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tone SundlandDemeterJarmo LarsenBeathe SolbergAnne-Stine Ruud HusevågHarald KTurid KjendlieKirsten LundTor-Arne JensenRoger MartinsenVibekePerSpelemannJulie StensethPirelliStig TKaren PatriciaFarfallerubbelDaffy EnglundKaren RamsvikKjerstiGroAvaBjørg Marit TinholtTore HalsaRisRosOgKlagingVidar RingstrømGodemineGitte FurusethKarin BergMartin RyenChristin SillibakkenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJohn LarsenIreneleserTine SundalNorahSigrid NygaardHildalpakka