Dette er ei av dei første bøkene til Ambjørnsen, og er ei ytterst underhaldande historie. Eg ser at den er klassifisert som krim på bokelsbekere.no, men eg er usikker på om dette er eit dekkande begrep for innhaldet i boka.

Uansett, det er kriminelle handlingar som er gjennomgangstemaet i boka. Forteljarstemma i boka, Carl F. Vang, oppheld seg på eit smålugubert hotell på ei gresk øy og tenker attende på hendingar han har vært med på i Norge den siste tida. Carl og kompisen Robert er garva hasjrøykarar sidan ungdomstida, og tek no del i ei smuglaropplegg, det siste (sjølvsagt …) før dei skal trekke seg attende frå denne karriera. Men det er noko muffens med opplegget denne gangen, og det viser seg at dei blir utnytta av folk lenger opp i systemet. Dessutan har nokon tatt livet av kjærasten til Robert.

Det er herlige skildringar av folk og miljø i denne boka. Mykje humor, og ein god del raljering. Ambjørnsen er kjend som ein talsmann for eit liberalt forhold til cannabis, og han fornektar seg ikkje i denne boka. Ved fleire høve gir han seg ut på utlegningar om kvifor cannabis burde vere lovleg, og korleis alkohol og tobakk gjer meir skade på folkehelsa enn canabis. Eg er ikkje samd i Ambjørnsen sitt syn på saka, men uavhengig av dette blei ein del av desse tiradene litt malplassert i forhold til handlinga i boka, sjølv om dei isolert sett var underhaldande å lese.

Men alt i alt likte eg boka veldig godt. Som lesar er det spanande å bli med inn i eit landskap ein helst ikkje vil vitje i det verkelege livet, og det var ei slik reise Ambjørnsen tok meg med på her. Takk for turen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Heidi HoltanLailaBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsaLisbeth Kingsrud KvistenPirelliNorahPiippokattaTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreMonika SvarstadAnneTorill RevheimIngunn SBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikteSynnøve H HoelDemeterTor Arne DahlJulie StensethÅsmund ÅdnøyLinda NyrudTrude JensenTanteMamieDaffy EnglundEllen E. MartolRoger MartinsenTine SundalToveInger-LisePerSpelemann