Jauvisst er det flott språk. Jauvisst er det ei gripande kjærleikshistorie. Men likevel, den blei litt for skjematisk og melodramatisk for meg.

Settinga er forholdsvis klassisk. Den fattige guten og den rike jenta elskar einannan, men kan ikkje få einannan. Myllarsonen Johannes har vært leikekamerat med den litt yngre godseigardøtra Victoria i barndomen, og etter at dei veks til blømer kjærleiken. Nei, ikkje blømer, for ingen av dei kan vise for den andre kva dei kjenner. Victoria blir dessutan bortlova til ein ung mann av hennar eigen byrd, det viser seg at det er først og fremst økonomiske motiv som ligg til grunn. Johannes får utløp for kjenslene sine gjennom diktinga si, han blir etter kvart ein anerkjent og kjend forfattar.

Det som bergar dette frå å bli ei håplaus suppe er, som nevnt innledningsvis, den feiande flotte forteljarstilen til Hamsun. Skildringar av natur og kjensler er ein ting, dette gjer han særs bra. Men i tillegg ligg det mykje mellom linjene, lesaren får ikkje alt med teskjei. Det at forteljinga stykkast opp med Johannes sine draumesyn og skriveri var også eit vellykka grep. Så alt i alt er det ikkje til å kome forbi at det er ei god bok.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Tine SundalIngunnDemeterTrude JensenEileen BørresenVigdis VoldBerit B LieAnn ChristinKirsten LundHarald KStine SevilhaugErlend Rødal VikhagenIngunn STralteTheaTerje MathisenRune U. FurbergEgil StangelandCarine OlsrødDressmyshelfLisbeth Marie UvaagIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaTove Obrestad WøienSissel ElisabethKari FredriksenNorahHelena ETrygve JakobsenAmanda AMarianne MStig TTherese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWencheMorten Müller