Jules Verne stod bak mange fantastiske røvarhistorier, og dette er ei av dei mest kjende. Boka kom ut i 1864 og handlinga er lagt til 1863. Forteljarstemma i boka, Alex, bur hjå onkelen sin, den vidgjetne Professor Otto Liedenbrock i Hamburg. Liedenbrock kjem over eit gamalt eksemplar av Heimskringla, og inne i den finn han ein pergamentbit med ein koda beskjed i runeskrift. Det viser seg at koda inneheld anvisningar frå ein Islandsk alkymist om korleis ein kan finne ein inngang til det indre av jorda. Dermed er det berre å setje i veg. Ut på tur, aldri sur.

Verne verka å vere godt informert om dei seinaste vitskaplege teoriar og nyvinningar. Det er skulelærdom no for tida at det indre av jorda kan delast inn i ein fast mantel, ei flytande ytre kjerne og ei fast indre kjerne. Men på Verne si tid var det tilsynelatande ein diskusjon om korvidt temperaturauken ein observerar når ein lagar djupe gruvegangar var ein lineær auke som held fram inn til det indre av jorda, eller korvidt denne temperaturen skuldast varme frå kjemiske reaksjonar i jordskorpa. Sidan dette virka å vere uavklart i 1864 så var også dei vitskaplege premissane for ei reise i det indre av jorda også meir tilforlatelege.

Og det er verkeleg ei fantastisk og spanande reise Verne tek lesaren med på. Berre det å kome seg til den vulkanen på Island som skjuler inngangen til det indre av jorda var eit eventyr i seg sjølv. Alex og Liedenbrock hyrer ein traust og trufast islending, Hans, som blir med på oppdagingsferda innover i jorda. Der gjer dei oppdagingar som vil vere banebrytande både innanfor geologi, paleontologi, og mykje, mykje meir.

Den siste delen av historia var etter mitt syn den svakaste. For det første vart det noko uforløyst over eventyret, Verne kunne ha spunne mykje meir på nokre av dei mest fantastiske oppdagingane, og også utnytta meir dei spesielle fysiske forholda som ein kan tenke seg det må vere midt inne i ei ikkje alt for varm jord. For det andre var forholda rundt returen så overvettes usannsynlege at sjølv om eg mobiliserte alt av velvilje så greidde eg ikkje å sjå for meg korleis det kunne gå an. Derfor dala terningkastet med eit auge eller to den siste fjerdedelen av boka.

Eg hørde denne som gratis lydbok frå loyalbooks. Heilt grei opplesing.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

DemeterIngunnHarald KAmanda AMarianne MStig TTherese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiac