Ein liten skatt av ei bok. John Fante var son av fattige italienske immigrantar, og brukar nok sin eigen bakgrunn som modell for denne forteljinga. Arturo Bandini er tolv år, har 2 yngre brødre og ei superreligiøs og til tider apatisk mor. Faren Svevo er murar, men det er midt på vinteren og dårleg med murararbeid, og dermed trange kår i heimen. Svevo får likevel oppdrag hjå ei rik dame i byen for å sjå på ein peis, men det viser seg at dama er meir opptatt av peisen til Svevo.

Arturo har, i tillegg til vanskane i heimen, også stort sett vanskar ellers også. Han prøver å fange interessa til Rosa, ei av jente på skulen, men det gjeng ikkje så bra. Han spekulerer også mykje over religiøse spørsmål, om synd og syndsforlatelse og slikt. Det einaste som held han oppe er draumen om å bli baseball-spelar.

Det er eit enkelt, men likevel fantastisk språk i boka. Elendet og fattigdomen blir skildra på ein usentimental men likevel nesten poetisk måte. Personskildringane er også strålande. Utan store fakter viser Fante fram kor kort veg det er mellom gode forsett og dårlege val. Der er også ein viss humor i boka, dette viser seg til dømes når Fante, slik eg opplever det, kritiserer katolisismen.

Men var Fante likevel religiøs? Dio cane sver Svevo i starten av boka, «Gud er ein hund». Det er nok meint som gudsspott frå Svevo sin side. Likevel er det ein hund som bidrar til at ting betrar seg litt mot slutten av boka. Let Fante Gud tre inn i forteljinga i form av ein hund, eller er det ein ny spott frå Fante sjølv? Uansett opplevde eg det som eit genial element i avslutninga av historia.

Dette er ei av fire bøker om Arturo Bandini, bøkene er kjende som «Bandini-kvartetten». Eg kjem garantert til å lese dei andre tre også.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jeg tenker også at det ville vært interessant å lese resten av kvartetten, selv om jeg bare har gitt fire på terningen. Mulig jeg er urettferdig, men språket syntes jeg var ganske merkelig. Riktignok oversatt og utgitt på femtitallet en gang, men selveste Johan Borgen står som oversetter, og da venter jeg meg bedre språk. Her ble det for mange merkverdigheter med ordstilling og setningsbygging som jeg syntes var direkte klønete. Det er sannsynligvis ikke forfatterens feil, men jeg ble skuffet. Likevel: Jeg vil gjerne vite hvordan det går med Arturo og familien Bandini!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

JoannHilde H HelsethKirsten LundStine SevilhaugKathinka HoldenTove Obrestad WøienJarmo LarsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseIngunn ØvrebøHilde Merete GjessingritaolineElin FjellheimRufsetufsaTonesen81Synnøve H HoelEivind  VaksvikMarteSverreReadninggirl30FredrikIngunn SJon Torger Hetland SalteVegardSilje BorvikBertyBjørg L.Beathe SolbergLisbeth Kingsrud KvistenIngeborg GVibekePirelliTheaLars MæhlumAgathe MolvikDolly DuckAlice NordliTanteMamieBente Nogvaalpakka