Kveld. Eit knippe sjøfolk sit om bord i ein seglbåt på Themsen og ventar på at tidevatnet skal snu. Ein av dei, Marlow, set i gang med å fortelje historia om opplevingane sine som elvebåtkaptein i det indre av Afrika. Elva er ikkje spesifisert, men det er rimeleg å anta at det dreier seg om Kongo. Det er også rimeleg å anta at mykje av historia er basert på Conrad sine eigne opplevingar som nettopp elvebåtkaptein på Kongo.

Historia innleiast for øvrig med betraktningar omkring den romerske okkupasjonen av England, og korleis det må ha vært for romarane å bli stasjonert så langt borte frå sivilisasjonen. Strålande opptakt til Marlow sin reise til det indre av Afrika. Denne reisa, som han på førehand ser for seg som eit eventyr, blir ei reise inn i forfall, galskap og ondskap. Eventuelle illusjonar om at europearar skulle bringe sivilisasjonen til Afrika blir grundig knust, her handlar alt om plyndring av ressursar, spesielt elfenbein, utan moralske omsyn av noko slag. Og galskap, som kjem best til syne gjennom den mystiske Mr. Kurtz som har opphøgd seg sjølv til gud på ein fjerntliggande handelsstasjon.

Forteljinga er i ein mørk og dyster tone, og persongalleriet er stort sett menneske som er øydelagde på ein eller annan måte. Ingen glad-bok, altså, men likevel likte eg den godt. Først og fremst fordi det satte i gang ganske mange tankar og assosiasjonar medan eg høyrde den. Lydbok frå loyalbooks, stemma til opplesaren kledde forteljinga godt.

Filmen Apokalypse nå! skal forøvreg vere basert på denne boka, men med handlinga lagt til Vietnamkrigen. Det er såpass lenge sidan eg såg filmen at eg ikkje hugsar stort av handlinga, men det skulle vært moro å sett den igjen etter å ha lest denne boka.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngrid