Siddhartha er ein ung mann frå ei velståande familie som søkjer etter meininga med livet. Det tek lang tid, faktisk heile livet. Settinga er India, på Buddha sin tid, det rette namnet til Buddha skal for øvrig ha vært Siddhartha Gautama, men det er ikkje denne Siddhartha som er hovudpersonen i boka. Jaudå, Buddha er også med, men under namnet Gotama.

Men attende til historia, dette med meininga med livet, universet og alt mogleg er ikkje lett. Douglas Adams foreslo i si tid at svaret er 42, svaret til Hesse er litt meir komplisert. Uansett, for å kome dit må Siddhartha gå igjennom ei lang reise, både på det verdslege og det åndelege planet. Han utfoldar seg i ulike sosiale lag, dedikerer seg i tur og orden både til rensing av sjela og til reinspikka hedonisme. Og svaret på det heile? Om. Sjølv meiner eg at 42 er eit minst like godt svar.

Eg har korkje historie- eller religionskunnskap nok til å kunne vurdere i kor stor grad Hesse diktar fritt omkring tematikken, men omgjevnadar og religiøse betraktningar virkar truverdig for meg. Skal eg vere ærleg tykte eg likevel at starten av boka var dørgande kjedelig og uengasjerande. Den tok seg opp ein del etter kvart, så eg er glad for at eg ikkje braut av. Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, og opplesaren gjorde ein grei jobb. Så har eg også planar om å lese Steppeulven av same forfattar ved eit seinare høve, eg håper eg vil like denne eit hakk betre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

VibekeReidun SvensliPer Åge SerigstadBertyGrete AastorpStig Tchrister hafsten thorsengHeidi LIngunnBård StøreAmanda AKserinaEllen E. MartolAkima MontgomeryRoger MartinsenKirsten LundHarald KLene AndresenEvaSynnøve H HoelTonjeRisRosOgKlagingPiippokattaJohn LarsenTheaAnn ChristinRandiAgretemorTone HJulie StensethGladleserDaffy EnglundReadninggirl30MarianneNAvasomniferumBjørn SturødHanne Kvernmo RyeAnne Berit GrønbechHilde Merete Gjessing