Boka innleiast med eit sitat frå Stendhal:
Jeg kan ikke gjengi de virkelige hendelsene, jeg kan bare vise frem skyggen av dem.
og dette er på mange måtar dekkande for denne historia.
Den aldrande og sosialt isolerte forfattaren Daragane får ein uventa telefon, nokon har funne ei adressebok han har mista for ein månad sidan, og dei avtaler å møtast. Finnaren synest å ha andre motiv enn berre å levere attende adresseboka, han spør om opplysningar om eit namn Daragane har notert i boka. Det viser seg å gjelde eit 50 år gamalt uoppklart drap.
Det virkar som om Daragane har fortrengt fortida si. Funnet av notatboka set i gang ei kjede av pussige møter med ulike personar, og også ei kjede av gradvis gjennoppleving av fortida. Han gjenopplever også ei periode der han tidlegare har prøvd å finne ut av sin eigen barndom. Forvirrande? Det gjeld i allefall etterkvart for lesaren å ha tunge beint i munnen i forhold til kvar ein er i tida.
Det er ein viss «Film noir»-stemning over boka. Men det er likevel på ingen måte nokon krim- eller spenningsbok, tvert imot. Det er heller ei lavmælt og nærmast draumeaktig vandring gjennom minna og inn i alderdomen til ein einsam mann. Stemningsfull og fin på mange måter, men som antyda i innleiinga er det vanskeleg å sjå kva slags historie forfattaren ynskjer å fortelje, ein ser berre skuggane av den.