Så bra at forma er stigande! Må seie at eg blei litt uroleg for deg etter innlegga førre helg, så dette var godt nytt.
For min del så er eg i sving med to bøker i helga, O Arroz de Palma av Francisco Azevedo og Den siste revejakta av Ingvar Ambjørnsen. Den siste fekk eg forøvrig av Fru Bang på bokelskere for eit års tid sidan, er det nokon som veit kvar det vart av henne? Det ser ut som at profilen er sletta.
I tillegg høyrer eg på lydbok når eg køyrer bil. Nett no er eg såvidt i gang med Quo Vadis av Henryk Sienkiewicz. Innspelinga er på knapt 22 timar, så det gjeng nok nokre veker før eg har køyrt så lenge.
Utover det litterære, så må eg bruke ein del tid på hunden i helga. Han har bestemt seg for å gi blaffen i kommandoane mine når vi er på gjetarhund-trening, så då er vi nede i 0 medlemmer i husstanden som bryr seg om kva eg seier. Er det rart ein får lyst til å forsvinne inn i ei bok?
God helg!
Viser 1 svar.
og hvis hunden videre utvikler sin legning for frimodige ytringer,
kan du jo prøve å trene den til > Yttrium-hund >