Det er moro med gamle sci-fi-historier. H.G. Wells er kanskje mest kjend for War of the worlds, som kom i ny filmversjon med Tom Cruise i ei av hovudrollene for ikkje så veldig mange år sidan. Skulle det vere nokon som er lei av å sjå anletet til Tom Cruise på film, kan ein jo alltids ynskje at han får hovudrolla i ein eventuell nyfilmatisering av denne boka.

I den vesle byen Iping dukkar det opp ein framandkar som tek inn på vertshus, med solbriller og anletet inntulla i bandasjar. Han har med seg masse vitenskapleg utstyr, og låser seg inne på eit rom der han søkjer å vere i fred med det vitskaplege arbeidet sitt. Dette gjer sjølvsagt landsbyboarane nyfikne, og dei finn snart ut at det er noko uforklarleg og mystisk med denne mannen.

Det var fleire sider ved historia som tiltalte meg. Wells får særs tydeleg fram kor vanskeleg, det er for menneske å akseptere nokon som er radikalt annleis enn dei sjølve. Han portretterer også stormannsgalskap, i mangel av eit betre ord, på ein strålande måte. For den usynlege mannen avslører etterkvart ganske sjokkerande planar for korleis han kan nytte usynlegheita si. Men mest av alt likte eg sjølve faktumet at denne historia er frå 1897, og å tenke på kor fabelaktig nyskapande det truleg må ha vært for lesarane på den tida.

Eg høyrde denne på lydbok frå loyalbooks, opplesaren kom godt ifrå oppgåva, og var til dels strålande i å formidle talemåten til dei ulike landsbyboarane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

LailaBjørg L.Egil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldPiippokattaRufsetufsaSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineHarald KInger-LisealpakkaBookiacTor-Arne JensenKirsten LundMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieEli HagelundTonjeNorahTheacathyHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJBEivind  VaksvikAndreas HesselbergStig TSissel ElisabethBeathe SolbergNtotheaSynnøve H HoelIngrid Hilmer