Denne boka har dei fleste ingrediensane som skal til for å bli ei spenningsbok eg liker. Ein småvittig og sjølvironisk antihelt, samanfletting av fleire handlingar, sprang i tid, eit spanande mysterium som skal løysast, og masse, masse faktaopplysningar bakt inn i plottet.

Likevel rotar Egeland det litt til med oppskrifta, dette er nok den svakaste av dei Beltø-bøkene eg har lest hittil. Den er ikkje direkte dårleg, det er berre det at eg sit med kjensla av at den kunne ha vært så mykje betre. Utan å røpe for mykje, så følte eg at mesteparten av kruttet var brent opp halvvegs i boka. Og avslutninga tok ei vending som blei litt for søkt etter min smak.

Men du verden, her er mykje bra også. Det er langt frå kjedelig eller uinteressant å vere med Beltø på tur. Egeland virkar å ha lagt ned mykje arbeid i å setje seg inn i religionshistorie, og eg høyrer til dei som liker å fundere på kva som er fakta og oppspinn i slike romanar. Boka er i tillegg lettlest, det er også ein kunst.

Så håper et at Egeland held fram med å skrive bøker om Bjørn Beltø. Eg kjem nok til å lese alle han finn på å gi ut.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Grete AastorpGeoffreyMarit AamdalCecilie69Vigdis VoldEli HagelundPiippokattaRandiALene AndresenKirsten LundSynnøve H HoelReadninggirl30Anette Christin MjøsTor-Arne JensenSverreMarenJarmo LarsenRisRosOgKlagingRoger MartinsenBeathe SolbergTove Obrestad WøienalpakkaEmil ChristiansenNils PharoEivind  VaksvikEllen E. MartolHallgrim BarlaupEgil StangelandJørgen NIreneleserLailaToveKristine LouiseRufsetufsasveinLabbelineVegardBjørg Marit TinholtSigrid NygaardThea