Jauvisst fantest det humor før i tida også. Gogol er utspekulert morosam i denne boka der han fortel om spekulanten Tsjitsjikov, som reiser rundt på landsbygda i Russland for å kjøpe avlidne liveigne, eller «døde sjeler» som også er tittelen på boka. For det første er sjølve plottet så absurd at det kallar på latteren. For det andre så set Tsjitsjikov seg i såpass mange kinkige situasjonar undervegs at ein må berre le. For det tredje så leverer Gogol knakande gode karikaturar av alt frå einfoldige bønder og gjerrige godseigarar til snørrviktige embetsmenn og virkeligheitsfjerne adelsfolk.

Men boka er ikkje berre ei lattervekkande farse, det ligg også ein del samfunnskritikk i forteljinga. I tillegg er der eineståande flotte skildringar av natur og miljø på den russiske landsbygda. Starten av andre bind er kanskje noko av det flottaste eg har lest i så måte. Ein må også halde fram det imponerande omfangsrike og varierte persongalleriet som Tsjitsjikov støyter på undervegs på reisene sine.

Dessverre så blei Gogol aldri ferdig med dette verket. Planen var eit storverk på 3 bind, men forfattaren døydde medan han arbeidde med bind 2. Denne boka inneheld derfor det fullstendige bind 1, og ein til dels fragmentarisk start på bind 2. Det er synd ein ikkje få vite korleis historia ville utvikle seg vidare. Heldigvis skreiv Gogol fleire tekster, først og fremst ein rekke noveller, ein får heller trøyste seg med dei.

Godt sagt! (15) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Så fortærende at dette verket ikke ble fullført! I etterordet antyder Yasar Kemal at Gogol hadde til hensikt å "vri" handlingen for å vise at Russland og russere var bedre enn sitt rykte. Men han fikk det altså ikke til, enda han prøvde i årevis. Hvordan det gikk med Tsjitsjikov, skulle jeg gjerne ha visst - for ikke å snakke om hva slags bipersoner han møtte på vegen videre.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er så enig, Jostein :-)
Denne var både morosam og hadde gode karikaturar og skildringar.
Skjønar godt at den vekte oppsikt mellom dei adelige då den kom ut, dei vart ikkje akkurat positivt framstilte!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Jeg hadde også stor glede av å lese denne boka, det ble en favoritt bok og hos meg er nåløyet smalt.
Har også lest Geir Kjetsaas flotte biografi over den gåtefulle dikter, så den kan jeg anbefale. Blir liksom kjent med dikteren, får bakgrunnsinformasjon, noe som jeg synes er givende og interessant, og ikke minst får en et lite innblikk i Russland på den tiden.
Boka "Døde sjeler" er viet stor plass, og det er ikke så rart spør du meg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundPiippokattaAvaIngunnJStig TEgil StangelandFindusLeseberta_23Marianne  SkageHarald KGrete AmundsenHilde Merete GjessingJoakimGeir SundetIngunn SRisRosOgKlagingWencheHilde H HelsethLilleviKarin  JensenAkima MontgomeryJeanetteAnniken RøilVegardGrete AastorpTove Obrestad WøienSigmundAgathe MolvikNora FjelliTonesen81John LarsenCathrine PedersenGodemineKjell F TislevollMarianneNsiljehusmorBeathe SolbergsomniferumMarianne MSynnøve H Hoel