Lesekafear i Oslo har eg diverre lite kjenskap til - mest fordi eg nok alltid har folk med meg i tillegg til ei bok når eg er i den byen. Men i Bergen, dersom du nokon gong er der, kan eg på det varmaste anbefala Krok og krinkel, som i tillegg til å vera kafe er bruktbokhandel, i Lille Øvregate - og dei har byens beste skillingsbollar, og det seier litt, til å vera Bergen (ok, so tapte dei for eit eller anna bakeri i konkurransen om "Bergens beste", men uoffisielt iallefall). Bergen Kaffebrenneri Vågen i Kong Oscars gate innbyr òg til lesing, og Blom ved universitetet (sjølv om den er meir "stilig"). Begge plassar har alvorleg god kaffi i tillegg.
Bergen offentlege bibliotek har nett opna ein kafe, Amalies hage, og eg håpar den vert ein god leseplass etterkvart - eg har aldri prøvd den - og bokhandelen på Litteraturhuset i Østre Skostredet har gode stolar og roleg atmosfære, særleg i dei indre romma, der dei oppfordrar folk til å slå seg ned.