Eg las sjølv Mrs. Dalloway som del av engelsk årsstudium på universitetet for nokre år sidan. Eg syns boka var lett nok å lese, men eg sleit med å "komme inn i boka", om ein kan seie det sånn. Synst det var vanskeleg å følgje med kven som tenkte kva og kva som skjedde på ordentleg og kva som berre var tankar. Eg skjønte at det var ei bra bok og at Woolf var ein bra forfattar, men det var liksom ikkje noko for meg.

I alle fall, så blei eg interessert i feminisme for omlag to år sidan og begynte å lese meg opp på det. Las bl.a. "How To Be A Woman" av Caitlyn Moran og "Født Feminist" av Marta Breen. I sistnemnde bok blei "A room of one's own" av Virginia Woolf nemnt, og eg fann ut at eg ville lese den boka (som er basert på nokre førelesinger av Woolf). Eg likte denne boka veldig godt, og fann ut at modernisme og Woolf kanskje var noko for meg likevel.

Held no på å lese "To the lighthouse". Eit tips eg kan gi, som eg ser at andre óg har gitt: ta deg god tid med å lese. Det er også ein fordel om det ikkje er så mange distraksjonar rundt deg, sånn at du klarar å følge med i "tankerekka" - og, om du "faller ut", så klarar du mest sannsynleg å hente deg inn igjen om du les litt meir. Woolf er nemleg flink til å skape samanheng og til å knyte saman starten og slutten.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Tusen takk for ditt interessante svar, Emily!

"Eg syns boka var lett nok å lese, men eg sleit med å "komme inn i boka", om ein kan seie det sånn." Ja nettopp, dette synes jeg er en god måte å si det på!

Jeg har nå lest Mrs. Dalloway og har skrevet litt om min opplevelse av den lenger nede i tråden (min første Woolf). Trengte hjelp for å få tak i innholdet. Kanskje må jeg lese den en gang til. Som en annen bokelsker skriver: «Eg opplever at Virginia Woolf er ein forfattar som blir meir interessant å lesa dess meir eg les rundt forfattarskapen». Dette tror jeg er en riktig vurdering. Den virker i hvert fall riktig for meg, og jeg har lyst til å lære Virginia Woolf bedre å kjenne.

Siden jeg oppfatter en interesse for det her på bokelskere, vil jeg ta initiativ til en felleslesing av Til fyret omkring 10. august (som du er inne på, er den neppe ferielektyre). Du leser boken nå; om du ønsker å delta i diskusjonene i forbindelse med felleslesingen, er du hjertelig velkommen.

Født feminist av Marta Breen begynte jeg på hos en venninne, men har ikke fått fullført. Jeg tilhører en helt annen generasjon og ønsket primært å lese boken for å se hvordan unge kvinner tenker i dag. Er ikke spesielt interessert i såkalt feministisk litteratur. Det at Woolfs A room of one’s own er nevnt, øker interessen. Kanskje har Breen mer å si meg enn jeg i utgangspunktet hadde tenkt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Er gjerne med på felleslesning og diskusjon rundt Til Fyret i august. Synst dette var ei interessant bok, og eg innbillar meg at det var lettare å kome inn i den enn Mrs Dalloiway. Det kan også vere at eg var innstilt på å lese boka for min egen del og ikkje som ein del av eit fag på universitetet og at det derfor føltes lettare. Gler meg i alle fall til å høyre kva andre tenker om boka. :-)

Eg synst at Breens bok er verdt å lese, sjølv om eg kanskje ikkje er einig i alle synspunkta ho fremmar. A room of one's own var i alle fall veldig interessant, for kvinner på starten av 1900-talet hadde eit heilt anna utgangspunkt enn kvinner på starten av 2000-talet. Det var veldig fint å få eit slags innblikk i historien, også synst eg Woolf er veldig flink å ordlegge seg (boka er jo, som sagt, basert på førelesinger, så det blir litt annleis enn romanane hennar).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Silje-Vera Wiik ValeHilde H HelsethBente NogvaKari FredriksenKirsten LundFindusHanne Cathrine AasMonica CarlsenHarald KAnniken LSynnøve H HoelSiriStig TLars Johann MiljeHildaDaffy EnglundmgeMarit HåverstadRune U. FurbergMarianne MAkima MontgomeryChristofer GabrielsenTanteMamiePiippokattaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJBIrakkLilleviKjell PMarit HøvdeFriskusenAnne-Stine Ruud HusevågYvonne JohannesenBjørg RistvedtBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana Wesserlingmarithc