Endeleg frihelg og ingen planar! (Eg skal ikkje klaga, førre helg var eg i London, lese fekk eg gjort og, men det er noko eige med fredagskveldar før ei helg berre til eige og veners - og husets og hagens - bruk). Eg leikar meg på lesefronten for tidi, litt for trøytt til noko som utfordrar det minste. Dermed har eg Off with their heads, eit impulskjøp frå førre veke i veska. Det er ei historiebok for ungar/ungdom med alle dei kjedelege delane kutta ut, og dermed berre slag og skandalar og britiske kongerekker (som jo ikkje dreiv med anna). På sengi les eg det andre impulskjøpet, nemleg den lette Always the bridesmaid av Lindsey Kelk. På øyra har eg fleire britiske kongar, eg høyrer The King's Speech av Mark Logue (barnebarn av Lionel, som lærte kong George å bli kvitt tale-problema). Eg held meg i England denne helgi og, altså...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Skulle gjerne hatt gitt deg en himmel av stjerner for det språket ditt!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnita