(1944:)
"Portnerska i huset til Miloch no gøymde både han og familie hans. Men – OH BOY – han hadde det så ille at eg ikkje trudde eigne augo." Eg tok trikken til portnerska. "Hallo – eg er Miloch's fetter, Vladek." "Ja. Han sa at du kanskje kom. Eg har nokre gjestar. Du må vente med å treffe Miloch til dei har gått." "Me er nesten tome for vodka. Hent litt meir, Meinka." "Eg har ikkje meir." "Bah! Ho GØYMER sin vodka!" "Slik som ho gøymer jødar i bakgarden!" Portnerska og eg vart stiv av skrekk. (...) Ikkje før det nærma seg midnatt tok dei heimvegen. (Side 152.)
"Eg trur det er trygt å gå ned." "Skal du – sniff – med MAT til Miloch?" "Eg mata dei tidlegare. Det her er søppel." Dei forholda Miloch måtte leva – du ville aldri tru. "... Eg bærer stadig søppel, så naboane ikkje skal fatte mistanke. Pst – Miloch. Fetteren din er her." I bakgårdar det var djupe sjakter der folk kasta søppel. Inni denne sjakta var her laga til eit knøttlite rom, ikkje meir enn 1,50 X 2 meter. "Vladek, godt å sjå at du lever enno!" "MIN GUD!" Eg berre kika ned eit sekund. Der altså budde Miloch, kona hans og den 3 års guten. "Korleis kan du leva der? Du må jo fryse!" "Me hadde ikkje noko val. Bunkeren er i det minste under jorda ... og det rotnande søppelet gjev frå seg litt varme." "Men folk VEIT at de gøymer dykk der ..." Eg sa han min historie med polakkane i huset. "Kva kan me gjera?" "Høyr – Anja og eg drar kanskje til Ungarn." Eg forklarte at gøymeplassen vår ikkje var perfekt, men betre enn hans. "Eg kjem tilbake når eg veit meir. Men no er det seint – eg må koma meg heim." Og eg var heldig. Ingen spurde noko på veg tilbake til Szopience. (Side 153.)
(...) "So, eg gjekk tilbake Miloch i søppelsjakt igjen og sa korleis han skulle finne fram i Szopience og øyma. Og veit du både Miloch, kona hans og gut, de overlevde! Sat hos Motonowa gjenom heile krig ..." (Side 154.)