Dette var ein spesiell spenningsroman. Forteljaren er unge vakre Cadence Sinclair som ferierer med heile familien på farfarens private øy. Ungdommane har eit nært vennskap somrane dei tilbringer saman på øya. Men foreldra er litt anspente saman på grunn av ønsket om å arve formuen.
Cadence mister hukommelsen etter ei ulykke den femtande sommaren, og ho får ikkje feriera på øya den sekstande sommaren. Men den syttande sommaren kjem ho tilbake til øya og er fast bestemt på å finna ut kva som skjedde.
Boka held på spenninga til siste slutt, og handlinga er fascinerande. Det som trekker ned for min del er ei litt dårleg omsetjing frå engelsk med eindel små skrivefeil. Boka er truleg betre på originalspråket.
Eg følte heller ikkje at eg blei veldig godt kjent med personane i boka. Det er handlinga som er i fokus. Til ein viss grad måler forfattaren fram sommaridyllen, og luksusen til familien Sinclair, men boka hadde blitt meir gripande dersom personane stod tydelegare fram. Kanskje er det fordi me får historia fortald frå synsvinkelen til Cadence som har hukommelsestap og voldsame migreneanfall. innimellom kjem det små eventyr som Cadence skriv der ho metaforsk prøver å nøsta opp konfliktane i familien. Det vart litt kunstig. Men boka er verdt å lesa likevel!