Forfattaren Dag Johan Haugerud tek undervegs med lesaren på eit dragshow, men han gjer også på ein måte sitt eige drag-nummer med denne boka, i det han tek på seg forteljarstemma til ei middelaldrande dame med ein vaksen son. Og han greier det stort sett godt.

Korkje mora, som er bibliotekar, eller sonen, som arbeider med film, nemnast med namn i boka. Mora brukar mykje energi på å tolke omgjevnadane sine, kva som ligg bak orda eller handlingane til folk rundt seg. På same måten er ho opptatt av korleis ting ho sjølv seier eller gjer kan oppfattast, og tenker ofte på korleis ting kunne vært sagt eller gjort annleis. Kommunikasjonsvanskar er altså eit nøkkeltema i forteljinga.

Det er først når mora får eit filmkamera mellom hendene at ho ser omgjevnadane med eit sylskarpt blikk. Ho har, igjen grunna kommunikasjonsvanskar, og trass i at ho aldri har tatt i eit videokamera før, fått i oppdrag å filme i eit brudlaup. No fangar ho med kameraet dei innerste tankane til forsamlinga i kyrkja og under selskapet etterpå.

Brudlaupsfilmen gjev grunnlag for ytterlegare kommunikasjonssvikt med sonen, og etter kvart også for direkte uvenskap. Og i denne kommunikasjonssvikten med sonen ligg også det svakaste aspektet ved boka etter mitt syn. Det er slett ikkje uvanleg at foreldre og barn ikkje fostår einannan, kall det generasjonsskilje eller kva som helst. Men desse bråe skifta i stemninga mellom desse to, frå idyll til surmuling, som kjem på grunn av tilsynelatande uskuldege kommentarar, greier eg ikkje heilt å tru på.

Men stort sett var det ei tankevekkande skildring av eit skrantande mor/son-forhold, og av ei mor som er usikker på omgjevnadane sine. Eg felles-las den i kjell k sin lesesirkel våren 2015, og hadde som vanleg stor glede av diskusjonane undervegs. Sannsynlegvis meir glede enn mora hadde av å vere med i sin lesesirkel.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

AvaKaramasov11PiippokattaMaikenFlyvebladAnne Berit GrønbechTine SundalLesevimsaNorahIvar SandLeseaaseFindusEllen E. MartolIngrid HilmerTrude JensenEgil StangelandFrode TangenHarald KRottulfNeraIngunn SHeidiJarmo LarsenMalinn HjortlandBenteKirsten LundBerit RDemeterKnut HauglandKristina Jernstrøm LyseboIreneleserCecilieMads Leonard HolvikBjørg Marit TinholtAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda RastenTheaTom-Erik FallaHanne Kvernmo RyeNina M. Haugan Finnson