Forteljarstemma i boka er ei dame som fortel om sin eigen oppvekst saman med bestefaren. Både hendingar frå fortida og i notida er fortalt i første person notid. Samstundes får ein historia til bestefaren og mora, desse er fortalt i tredje person og både i notid og fortid. Flik for flik får ein avdekka eit lappeteppe av ein historie, ei familiesoge med tragedier, svik og overgrep, men også med eit rørande fint forhold mellom jenta og bestefaren.

Sentralt i forteljinga er sommaren før jenta skal byrje på skule. Bestefaren har fora henne med historier og eventyr i fleire år, men no nyttar han eventyra til å fortelje jenta noko om hennar eiga fortid, og kvifor ho bur på denne avsidesliggande garden saman med han. Eit veldig fint grep av forfattaren.

Det er mange som likar denne boka overmåte godt. Sjølv må eg nok ta bort «overmåte», eg nøyer meg med godt. Ein ting eg merkar meg er at forfattaren stadig vekk set fram eit utsagn, for så å motseie det i neste setning. Som på side 66:

«Det som jagde ham ut på den årelange, rastløse flukten fra seg selv, var tanken på alle disse hvis-ene. Nei ikke alle, bare dette ene hvis-et: Hvis jeg ikke hadde begynt å gå opp til Borgland»

Utover dette greier eg ikkje heilt å setje fingeren på kva som ikkje stemte for meg i forteljarstilen. Men uansett, boka er god, den, og den kjem nok til å sitje lenge i minnet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KIris ElisaNorahBeathe SolbergMads Leonard HolvikJulie StensethPiippokattaMats L.Hanne MidtsundAlice NordliToveHelge-Mikal HartvedtWenche VargasIreneleserWencheTor-Arne JensenKirsten LundCathrine PedersenTorill RevheimJørgen NEivind  VaksvikHanneRufsetufsaTanteMamieJoannJoakimKjersti SVibekeEllen E. MartolElisabeth SveeKjell F TislevollGro-Anita RoenMalinChristofferVannflaskegretemorRandiAStig TAnne Berit GrønbechTone Sundland