Dersom ein ser på strømpene til personen som stend, så er ikkje "mandig" det første som slår meg.

Så fann eg ut at det stend på omslaget, på bakerste klaffe, at omslagsbiletet er basert på eit fotografi av fotografen Witold Krassowski. Polsk, har eg funne ut. Eg har søkt litt etter originalbiletet, men har ikkje funne det enno.

Åkkesom, etter kvart så har eg kome til at eg oppfattar omslagsbiletet som ein illustrasjon på korleis mora ser ting igjennom søkaren på kameraet. I brudlaupa ho filmar så finn ho det mykje meir interessant å søke opp subtile detaljar i forsamlinga heller enn å fokusere på brudeparet. Slik er det også med omslagsbiletet, fotografen har kappa hovudet av det som trulig er hovudpersonen i scena, og fokuserer heller på forsamlinga som applauderer vedkomande.

Tittelen veit eg ikkje heilt kva eg skal meine om enno, men det ser ut for at det meste av det eg alt har tenkt om den har kome med i kommentarane ovanfor.

Eg har forresten nokre kapittel att av boka. Er eg den einaste som ikkje er ferdig?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jeg har en bibliotekutgave, hvor en del av omslaget er klippet bort, deriblant strømpene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Nina M. Haugan FinnsonRisRosOgKlagingRuneFrode TangenJohn LarsenTorill RevheimTor Arne DahlPirelliTurid KjendlieHanne Kvernmo RyeIngeborg GHeidi LTorJulie StensethLiljaTanteMamieJBReadninggirl30Tor-Arne JensenEgil StangelandHilde VrangsagenMarteHarald KIngunn SgretemorSol SkipnesTheaBenedicteBeathe SolbergIreneleserStig TKirsten LundNina J.B.PiippokattaGrete AastorpTone HHeidiRandiHeidi HoltanMorten Jensen