Harry Hole i storform, her er det mykje bra. Ved halvlest bok var eg overtydd om at dette må vere ei av dei beste i serien. Men den eine av dei to hovudhistoriene haltar etter kvart såpass mykje at eg etterkvart landa på terningkast 4, som på min skala likevel er meir enn godkjent.

Eit bankran ender med at ranaren skyt ein av dei tilsette i banken, og sidan det då er ei drapssak blir Hole invovlert i etterforskninga. Som vanleg er ikkje kjemien på topp mellom Hole og enkelte av kollegaane hans, noko som kompliserer etterforskinga. Kjærasten Rakel er bortreist, og Harry let seg freiste til ein middagsinvitasjon hjå ein tidlegare flamme. Det gjeng ikkje så bra, men kanskje ikkje på den måten ein fryktar at det ikkje skal gå bra når ein gir seg ut på ein slik avtale. Det gjeng mykje verre. Og dette er opptaktene til dei to hovudhisoriene i boka.

Nesbø er ein meister i miljøskildringar, ikkje minst frå Oslo der ein nesten får kjensla av vere til stades i handlinga. I denne boka reise Hole også til Brasil, til den vesle landsbyen Arraial d’Ajuda (eller berre d’Ajuda i boka) litt sør for Porto Seguro i delstaten Bahia. Eg var også ein tur innom denne landsbyen i 1993, og det var spesielt artig å bli med Hole dit igjen. Eg kan ikkje forstå anna enn at Nesbø må ha vært der sjølv. Sjølv om eg blei skeptisk då han skreiv om den lange uavbrutte sandstranda til Trancoso, for det er den ikkje. Men då Hole og kollegaen spaserte på stranda måtte dei faktisk forsere sandsteinsklippene på vegen til Trancoso, og tilliten blei gjenoppretta.

I tillegg til dei gode miljøskildringane så er historia også krydra med ei mengde faktaopplysningar, eller i det minste tilsynelatande faktaopplysningar. Eg har ikkje på nokon måte undersøkt alt som blei servert av dette slaget, men konstaterer likevel at det nok er ein blanding av verkelege fakta og kunstnerisk fridom. Klarer ein å ha dette i mente, gjeng det også an å unngå å irritere seg over åpenbare faktafeil dei stadane det måtte dukke opp, og heller fokusere på dei intrikate krim-gåtene.

Med dette har eg fullført 9 av 10 Hole-bøker. Satsar på å skaffe meg den (foreløpig?) siste i løpet av året.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHelene