Hurra, helg! Ikkje at det gjer nokon forskjell, for eg har både ferie og rettebunke uansett. Men eg får no lesa anna enn elevtekstar og, mellom anna storkosar eg meg med Neil Gaiman sin American Gods på lydbok, noko som passar svært godt når det er våronn på gang. Elles les eg krim, litt fordi det er påske, men mest fordi eg berre klarar den sjangeren i feriar. No er det Fedrenes synder av Elizabeth George, tredje bok om Lynley og Havers, men eg har og planar om klassisk norsk krim, som Bergensbanen røvet i natt og Mordet på maskinbygger Roolfsen. Men nett i kveld er det anna lektyre, gebursdagsgåva til broderen var Burma Chronicles av Guy Delisle, so no er det teikneserie frå Myanmar i nokre timar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Bergensbanen røvet i natt ryktes vel å ha startet påskekrimmen så mer passende enn det blir det ikke. Kos deg med rettebunke, krim og tegneserier :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Jarmo LarsenBeathe SolbergAnne-Stine Ruud HusevågHarald KTurid KjendlieKirsten LundTor-Arne JensenRoger MartinsenVibekePerSpelemannJulie StensethPirelliStig TKaren PatriciaDemeterFarfallerubbelDaffy EnglundKaren RamsvikKjerstiGroAvaBjørg Marit TinholtTore HalsaRisRosOgKlagingVidar RingstrømGodemineGitte FurusethKarin BergMartin RyenChristin SillibakkenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJohn LarsenIreneleserTine SundalNorahSigrid NygaardHildalpakkaReadninggirl30