Dette er jo eit kinderegg-spørsmål, der er minst 3 måtar å lese spørsmålet på.

1 - Bokstavleg (og også trivielt). Ja, det finnest såvidt eg veit ingen lover eller reglar som forbyr nokon å seie at dei har lest ei lydbok

2 - Grammatisk. Det går i alle fall an å diskutere dette. Strengt tatt så høyrer ein på lydbøker, så det er i prinsippet feil å seie at ein les dei. Men på den andre sida så er det jo vanleg i skriftlege ordskifte å nytte vendingar a la "eg seier med dette at ..." sjølv om ein eigentleg "skriv med dette at ...". Sidan "seie" i forhold til å "skrive" er analogt med "høyre" i forhod til "lese", tenkjer eg at det må vere like greit å seie at en les ei lydbok som det er å skrive at "eg seier med dette at ..." eller liknande.

3 - Likeverd. Eg oppfattar innspelet frå diskusjonspartneren din som at spørsmålet er korvidt det er likeverdig å høyre ei lydbok som å lese den. Ja, det meiner eg absolutt. Og så må eg legge til at ut frå eigne erfaringar så opplever eg det ikkje som likt, sjølv om eg oppfattar det som likeverdig. Opplesaren betyr ein del for kva inntrykk eg får av boka, dette kan slå begge vegar i forhold til leseopplevinga versus ei papirbok. Eg må også nemne at med lydbok er det meir kronglete å "bla" tilbake for å finne tilbake til noko ein lurer på tidlegare i boka. Så; likt, nei. Men likeverdig, ja.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jeg er vel enig med deg om leseropplevelsen. Det er ikke helt samme ting å høre eller lese. En dyktig oppleser kan skape ekstra dybde i en historie. En dårlig oppleser ødelegger opplevelsen.

Leser jeg selv blir det kun mine egne bilder og assosiasjoner som farger historien.

Det jeg til slutt sitter igjen med er en kombinasjon av historien og hva jeg gjorde mens jeg opplevde den.

Jeg kan assosiere bøker med turer, snekring, ferier eller annet som skjedde.

Skal jeg allikevel oppsummere bøkene jeg har lest betyr det mindre hvilket format de kom på.

Jeg kommer nok til å fortsette med å si jeg har lest en lydbok ☺

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Akima MontgomeryRoger MartinsenMarteAmanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne M