Heimreisehelg for min del, og ei god lesehelg. Fredag les eg ut Monstrous Regiment av Terry Pratchett, mi fyrste pratchett-bok på sikkert åtte år, og ei påminning om at det ikkje bør bli åtte til før neste. På bussen heim var det American Gods av Neil Gaiman på lydbok, og vel heime byrja eg på Sense and Sensibility av Joanna Trollope, som er ein mpderne versjon av Austen sin. Godt attkjenneleg, lett å lesa og særs underhaldande, so eg er kabgt over halvvegs etter berre vel eit halvt døgn heime.