Årets penaste bok i Tyskland i 2009. Det må ein tru er eit kvalitetsstempel. Men først og fremst var det kombinasjonen av kart og artige historier som gjorde at eg fall for freistinga til å sikre meg denne boka på mammutsalet 2015. For eg er glad i å kike på kart og drøyme meg bort, nett slik forfattaren Schalansky skriv i innleiinga til boka at ho gjorde som jentunge.

Boka inneheld, ved siden av ei flott innleiing, 50 kart over små og isolerte øyer rundt omkring på jorda. Flest i Stillehavet, men også ein del i dei øvrige verdshava. For kvar øy-kart, som visest på ei oddetalside, serverast det ei lita historie eller anekdote på den motståande partalssida. Målestokken er lik på alle karta, noko som på ein særskilt effektiv måte viser kor små dei minste øyene i boka egentlig er.

Eit fellestrekk for dei fleste historiene er ein viss melankoli, anten ved kor ugjestmilde og utilgjengelege enkelte av øyene er, eller ved kor grusome menneske kan vere mot einannan når dei lever isolert på ei lita øy. Mange av historiene gjorde djupt inntrykk, for eksempel om tiltaka på øya Tikiopa (4,7 kvadratkilometer) i Stillehavet for å regulere folketalet, eller skildringa av korleis den tyske fuglebeskyttelsen under ein ekspedisjon på Bjørnøya godt kunne ha tatt ut ein t av navnet til foreininga, slik at det blei fuglebeskytelsen. Så må ein, som eg tek opp i ein diskusjonstråd om boka, ta høgde for at det er ein viss grad av diktning i ein del av historiene.

Heilt til slutt i boka kan eg lese at Schalansky mellom anna har studert kommunikasjonsdesign. Og designet i boka er på mange måtar flott, men det var eit par ting som irriterte meg. Det eine er enkelte av fargevala. Det er mulig det er fordi eg er lettare fargeblind, men når ein vel å utheve ord eller tidslinjer ved å nytte lys oransje tekst på kvit bakgrunn så blei det vanskeleg å lese for meg. Sameleis med karta, der namna på fjordar, viker og bukter er med kvit skrift på lyseblå bakgrunn. Vanskeleg. Det andre er tilfelle av mangelfull informasjon i sjølve karta. For fleire av øyene nemner ho stadar på øyene som ikkje er å finne på karta. Dette var litt frustrerande.

Men alt i alt var det ei triveleg og underhaldande bok, sjølv om den ikkje levde heilt opp til forventningane.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

alpakkaAnne-Stine Ruud HusevågLeseaaseSigrid NygaardIngeborg GThomas Røst StenerudRoger MartinsenEgil StangelandBirgitte Veland LarsenCamillaBerit RTone SundlandConnieAndreas BoklesersveinJeanetteAre SkårIreneleserTonesiljehusmorTherese SteinskogLinda NyrudLailalillianerHilde Merete GjessingSynnøve H HoelKirsten LundIngeborgMarit HåverstadLesevimsaMarianne  SkageBjørg Marit TinholtNorahEllen Lindheim SlettevoldOdd HebækAnniken RøilKaramasov11Astrid Terese Bjorland SkjeggerudJulie StensethChristoffer Smedaas