Dette er ei dramatisk ungdomsbok der alt som kan gå galt går galt. Boka byrjar med at Louise og Liam blir funne i sjøen lenka saman. Deretter får me to parallelle historier. Louise fortel om korleis ho møtte Liam, om familien hans, om den store forelskinga, og om dei litt suspekte vennane Liam får etter kvart. Samstundes følgjer Louise etter foreldra som prøver å få kvardagen til å gå rundt etter at ho er død. Ho har nok ikkje hatt eit veldig nært forhold til foreldra sine som ungdom. Men det er akkurat som ho får eit meir nyansert bilete av dei etter kvart som ho ser korleis dei taklar sorga.

Som lesar har ein lyst til å hoppa inn i forteljinga og rista i Louise og Liam og fortelja dei at dei ikkje kan leva slik! Snakk med foreldra dykkar! Men historia er truverdig. Det er mange tilfeldigheiter som fører Louise saman med Liam, og det er tilfeldigheiter som fører Liam ut i problem, og problema veks så fort at dei blir vanskelege å handtera. Det er lett å sjå føre seg kor blenda av kjærleiken Louise er. Ho er ung og trur ikkje ho treng å reflektera over korleis ting utviklar seg, eller kva slags liv ho eigentleg ynskjer seg. Sånn kan det ende.. Grøss!
Anbefales!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Vigdis VoldMads Leonard HolvikPiippokattaEivind  VaksvikRisRosOgKlagingKikkan HaugenLailaKaramasov11Bente NogvaNina J.B.Tove Obrestad WøienMorten MüllerTor Arne DahlEgil StangelandLilleviLindaBOddvarGGro-Anita RoenAgnete M. HafskjoldKirsten LundTanteMamieLars MæhlumCecilie MEileen BørresenBård Støremay britt FagertveitAndré NesseKristin_PirelliMorten JensenAvaÅsmund ÅdnøyMarenLene AndresenKaren PatriciaSynnøve H HoelNabodamaMaikenHeidiBjørg L.