Den beste Nesbø-boka eg har lest så langt, og det begynner å bli ein del av dei. Eg kan godt forstå (sjølv om eg ikkje har lest nok krim til å gjere ei sjølvstendig vudering av det) at denne blei halden for å vere den beste norske krimboka gjennom tidene i ei avstemming i 2004. For her stemmer det meste.

Det er i hovudsak to historier som forteljast i boka, ei historie frå 1940-talet om eit knippe frontkjemparar som sloss for Nazi-Tyskland mot russarane under 2. verdskrigen, og ei anna i notid der Nesbø sin krimhelt Harry Hole får mistanke om at nokon planlegg eit attentat i Norge. Historiene heng sjølvsagt saman, og dei er veldig elegant fortalt. I tillegg er der ei søt kjærleikshistorie i begge tidslinjene.

Harry Hole utviklar seg i ei destruktiv retning igjennom bokserien. I denne boka er han på langt nær så mørk og dyster som i nokre av dei seinare bøkene. Det passar meg bra. Han er jo helten, og som lesar vil eg at det skal gå bra med han. Derfor hadde det vært ålreit om dei forholdsvis lyse framtidsutsiktene han får i denne boka kunne vare. Men Jo Nesbø hadde ein annan plan.

Nesbø er for øvrig ein meister i å male fram scenene som utspelar seg, dei er krydra med informasjon og detaljar som det må ha kosta ein del tid og arbeid å finne fram til. Denne detaljrikdomen gjer at historiene verkar meir truverdige, og også til at lesaren betre kan leve seg inn i dei. Eg vil spesielt famheve galskapen i ei scene der eit forelska par er i Wien medan byen blir bomba. Dette er ei scene eg svært gjerne ville ha sett på eit kinolerret, det var rett og slett storslagent.

Her stemmer det meste, skreiv eg i første avsnitt. Det meste, ikkje alt. Det finnest detaljar som øydelegg litt, anten det gjeld språk, tendensar til klisjear, eller enkelte hendingar som eg ikkje heilt greier å tru på. Men desse detaljane var ikkje meir skjemmande enn at eg likevel vil forsvare å trille høgaste terningkast på Rødstrupe. Vel blåst, Nesbø!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Stig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineHilde Merete GjessingHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-LiseIreneleserG LIngunn STerje MathisenCarine OlsrødAneKorianderBjørg L.Julie StensethKarin BergPi_MesonJarmo LarsenTatiana WesserlingHarald K