Dette var ei magisk lesaroppleving! Manilahallen presenterer eit heilt liv som dikt. Med sorger og gleder. Desse dikta er skrive med nydeleg og enkelt språk som glir rytmisk og lett. Det er som ein mellomting mellom poesi og roman. Ein treng ikkje stoppe opp undervegs for å tolka. Det er heller sånn at historia veks i bakhovudet etter den er ferdig lest. Eg har i alle fall gått og tenkt på hovudpersonen Birgit i dagevis etter eg vart ferdig med boka. Kanskje særskild på mellomromma i historia, alt i livet hennar som ikkje er tatt med i boka. Og så tenkjer eg på sjukdommen, og bakgrunnen for den. Og personane rundt Birgit; korleis har dei hatt det?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

John LarsenBjørg RistvedtMarit HåverstadEirin EftevandHeidi BPilarisKjerstiKari FredriksenIngvild SPer LundBeathe SolbergLilleviIngeborg GKaramasov11MarenGladleserSigrid Blytt TøsdalPiippokattaKjell F TislevollKarin BergHarald KEllen E. MartolLars MæhlumVariosaTrineBerit RBjørg L.Ina Elisabeth Bøgh VigreSolveigTone HJulie StensethEster STonesen81Mads Leonard HolvikHegeAnne Zooey LindMonaBLsveinlittymseWencheIngunn S