Som ved førre verdslitteraturavstemming er eg opptatt av å utvide horisonten utover den vestlege kultursfæra. Derfor har eg blinka ut ei bok av den egyptiske nobelprisvinnaren Naguib Mahfouz. I Norge er han vel særleg kjend for Kairo-trilogien, sidan desse (dersom eg hugsar rett) kom ut som hovudbøker i bokklubben for nokre få tiår sidan.
Men det er ei anna bok av han eg har i tankane: Gebelawis barn kom ut i 1959, og er slik eg forstår det ein allegori over forteljingar frå koranen og bibelen. Boka var kontroversiell, blei forboden i Egypt grunna skuldingar om blasfemi, og den skal vere grunnen til at Mahfouz blei knivstukken og varig skada av islamistar i 1994.
Det blir kanskje ei litt søkt samanlikning, men tankane gjeng uvilkårleg til terroraksjonen mot Charlie Hebdo-redaksjonen i januar. Derfor kan det vere interessant å lese denne boka for å få eit inntrykk av kor lite (eller mykje?) som skal til før ein forfattar havnar i livsfare.
Boka er å få kjøpt i mjuke permar hjå fleire bokhandlarkjeder. For den som ynskjer stive permar ser det ut for at ein må lite på bruktbutikkar, eller satse på å lese på eit anna språk.
For dei av felleslesarane som skuler til denne leseutfordringa så vil Gebelawis barn oppfylle "A banned book" samt eit knippe andre kriterier.
Viser 2 svar.
Dersom denne boka blir valgt, har jeg ønske om å henge meg på i lesesirkelen. Takk, Jostein!
All ære til deg, Jostein, for at du ønsker å utvide vår horisont! Jeg leste Gebelawis barn for noen år siden, uten at den gjorde noe spesielt inntrykk på meg. Kanskje stiller det seg annerledes hvis vi alle leser grundig, og diskuterer teksten.