Meisterleg av Hoem. Det er sjeldan ein boktittel er meir dekkande for innhaldet enn dette. Med utgangspunkt i hendingar som foreldra fortalte om medan dei levde har Hoem ved hjelp av notatbøker, brev, intervju, avisarkiv, sjukehusjournalar og anna rekonstruert livshistoria til foreldra sine, med fokus på dei hendingane og vala rundt den 2. verdskrigen som førte dei saman. Og der han manglar informasjon (og dette gjeld nok det meste av kva som har vært tenkt og sagt) har han dikta.

Faren var lekpredikant i indremisjonen, og det var i virket sitt i Gudbrandsdalen at han møtte mora. Begge hadde brent seg i eit tidlegare kjærleiksforhold, styggast var det nok for mora som vart gravid med ein tysk soldat. Det å vekke brende hjarte til live att kan ta noko tid, men det verkar som om Hoem sine foreldre greidde det ganske bra etter kvart.

Ved sidan av den sterkt personlege skildringa av sine eigne foreldre og øvrige familie, er det først og fremst innsynet i den nære forhistoria vår som gjer denne boka verdt å lese. Miljøskildringane er levande og overtydande, og ein får kjensla av å få vite korleis folk hadde det før i tida. Korleis det er å vere omreisande predikant er nok også ganske fjern kunnskap for dei fleste, det var imponerande å lese om faren sin innsats på dette området.

Eg høyrde denne som lydbok med forfattaren sjølv som opplesar, og gjekk inn i det med ein viss skepsis. Eg har nemlig høyrt Kjærleikens Ferjereiser som lydbok tidlegare, også den med Hoem som opplesar, og der tykte eg ikkje han gjorde det spesielt godt. Men i denne innspelinga var han framifrå.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

AvaKaramasov11PiippokattaMaikenFlyvebladAnne Berit GrønbechTine SundalLesevimsaNorahIvar SandLeseaaseFindusEllen E. MartolIngrid HilmerTrude JensenEgil StangelandFrode TangenHarald KRottulfNeraIngunn SHeidiJarmo LarsenMalinn HjortlandBenteKirsten LundBerit RDemeterKnut HauglandKristina Jernstrøm LyseboIreneleserCecilieMads Leonard HolvikBjørg Marit TinholtAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda RastenTheaTom-Erik FallaHanne Kvernmo RyeNina M. Haugan Finnson