Først litt skjenn til forfattaren av forordet, Jan Kjærstad, og til Kagge forlag: Fy skam. Kjærstad; det er dårleg gjort å røpe slutten så inngåande som du gjer. Kagge; når de ser at forordet får den forma det gjer, så burde det vere eit enkelt grep å gjere det om til eit etterord. Og til Kjærstad igjen; dette var ei middelmådig oversetjing av eit angiveleg Wilde-sitat.
Så over til sjølve boka. Eg er ikkje heilt sikker på kva eg hadde venta meg av denne boka, men uansett så var den noko annleis enn eg trudde på førehand både når det gjeld stil, tone og handling. Ingenting negativt med det, det viser berre at det var bryet verdt å lese den. Det er ei forteljing om ein ung og vakker overklassegut, Dorian Gray, som blir beundra av eldre overklassemenn. To av desse, malaren Basil Hallward og lord Henry Wotton, lokkar fram forfengelegheita og hedonismen hjå guten. Den første ved å male eit umåteleg vakkert maleri av han, og den andre gjennom samtalar samt ved å låne han ei bok som verkar fordervande på moralen.
Wilde skriv mykje om alle syndene som Gray gjer seg skuldig i, men med to-tre unntak er boka svært lite spesifikk på kva desse syndene eigentleg er. Gitt at Wilde sjølv var bifil, og at dette temaet var forholdsvis tabu på den tida boka blei skriva, er det lett å tru at ein del av desse syndene er knytta til homoseksualitet. Men den eigentlege synda er nok hedonismen i seg sjølv, det at ein innstiller seg på at det einaste som betyr noko i livet er å skaffe seg nye og nytelsesfulle sanseinntrykk.
Boka er både trist og vittig på ein gang. Trist fordi ein blir vitne til ein lagnad som styrer lukt i undergangen. Vittig fordi Wilde var eit oppkome av tankevekkande og lattervekkande vendingar, aforismer. Mange av desse aforismene er lagt i lord Henry sin munn, og dette er kanskje grunnen til at eg oppfattar lord Henry som forfattaren sin stemme i boka.
Eg hadde venta at eg skulle like boka betre enn eg faktisk gjorde, men det vil vere å gå for langt å påstå at eg er skuffa. Det var verdt tida det tok å lese den, og vel så det.