Cath og tvillingsøstera Wren skal byrja på college. Då dei var ganske unge reiste mora deira frå dei. Etterpå var det berre dei to, og den litt eksentriske faren. Cath og Wren er like av utseende, men ganske ulike ellers. Wren er utadvendt og glad i fester og gutar. Cath er glad i bøker. Ho elsker fantasy, og særskild bøkene om Simon Snow. Hennar største interesse og hobby er fanfiction. Ho skriv historiar om karakterane i Simon Snow-bøkene. På fanfiction-sider på internett er ho svært populær.

På college kaster Wren seg ut i ungdomslivet. Men Cath held seg for seg for seg sjølv, og synest det er skummelt å snakka med nye folk. Likevel blir ho sakte men sikkert kjend med romkameraten og vennen hennar. Særskild takka være den smilande, utadvendte, positive, sprudlande og kjekke Levi.

Cath tek eit skrivekurs på College, men ho bruker meir tid på fanfictionen sin enn skulearbeidet. Innimellom får me utdrag frå Simon Snow-historiane til Cath. Ho har utruleg mange følgarar som ventar på oppdateringar på hennar versjon av siste bok i serien.

Dette er ei nydeleg ungdomsbok som handlar om familie, vennskap og den første kjærleiken. Det er skrive realistisk og truverdig i eit godt språk. Boka fungerer for den litt eldre lesaren og, for det er lett å kjenna seg att i deler av historia når ein tenkjer attende til ungdomstida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Readninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland Skjeggerud