Denne las eg på svensk, det var overraskande lett, og det gav noko ekstra til heile opplevinga. Eg følte det som eg såg ein svensk ungdomsfilm i hovudet.
Eg-personen er ei femten år gammal jente som blir stormforelska i ein russisk/svensk gut. Me får korte glimt av møter på festar, i skulegarden, framfor dataen, med mobilen. Ho tenkjer berre på han, på dei kantete skuldrene hans, det mørke håret, dei kjappe russiske frasene han lirer av seg. Det er ein altoppslukande kjærleik. Det minner litt om dagbokstil, men ho skriv «du». Ho fortel altså heile historia retta til guten ho er forelska i.
Eg føler at det handlar om å tolka teikn frå kvarandre. Ho lurer på om han kjem til å vera på dei festane ho går på og lurer på kva han tenkjer om ho. Den første kjærleiken er komplisert, med mange forviklingar, mange store kjensler, både gode og vanskelege. Men dette klarar forfattaren å kommunisera med eit enkelt språk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

FarfallesiljehusmorPiippokattaHarald KLinnDemeterKirsten LundgretemorGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenReidun SvensliPirelliEster SSynnøve H HoelKorianderNinaChristofer GabrielsenNorahCarine OlsrødNtotheaAnniken RøilHeidiEirin EftevandReadninggirl30Bjørg RistvedtAnne-Stine Ruud HusevågMarenHilde H HelsethBård StøreIreneleserLilleviAnitaNicolai Alexander StyveLesevimsaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice Nordli