Godt nyttår!
Eg har sjølvsagt laga ein tilsvarande statistikk som i fjor for leseåret som har gått, noko som var til hjelp for å setje seg mål for 2015. Utan å legge ut figurar frå årets analyse, så kan eg kort oppsummere at eg skal
- lese minst ei bok frå kvar verdsdel (ingen frå Afrika eller Oseania i 2014, eller nokon gang for den saks skuld)
- lese minst 2 bøker som er utgitt før 1800 (2 i 2013, ingen i 2014)
- lese minst 6 bøker på engelsk (6 i 2013, berre 5 i 2014)
- lese minst 8 bøker på portugisisk (7 i 2013, 11 i 2014)
Og i tillegg til utkomet frå statistikken, så legg eg til at eg skal
- lese bøker frå minst 2 nobelprisvinnarar som eg ikkje har lest noko av frå før
- ha færre enn 10 uleste bøker i bokhylla innan månadsskiftet juni/juli (30 pr dato)
Sånn, der har vi det. Seks konkrete målsetjingar som er lette å etterprøve. Og oppnåelege. Kanskje med unntak av den siste, vi får sjå.
Viser 2 svar.
På tide å gjere opp status for dette også.
1 - Minst ei bok frå kvar verdsdel. Nei. Ingen frå Asia i år. Men på plussida må det nemnast at eg har lest to frå Afrika og ei frå Oseania, og at eg ikkje har lest noko frå desse verdsdelane før.
2 - Minst 2 bøker frå før 1800. Nei. Ingen.
3 - Minst 6 bøker på engelsk. Ja. To papirbøker og 11 lydbøker.
4 - Minst 8 bøker på portugisisk. Nei. Berre 5 i år, dette er nok det punktet eg er mest misnøgd med.
5 - Minst 2 bøker frå nobelprisvinnarar eg ikkje har lest noko av før. Ja. Det blei 6; Quo Vadis (Henryk Sienkiewicz), Pygmalion (George Bernard Shaw), Siddhartha (Hermann Hesse), alle lydbøker, og Sin egen herre (Halldór Kiljan Laxness), Den fremmede (Albert Camus), Så du ikke går deg bort (Patrick Modiano) som papirbøker. Særs nøgd med dette punktet.
6 - Færre enn 10 uleste bøker ved månadsskiftet juni/juli. Nei. Var nede i rundt 14-15 på det minste. Etter at eg fekk eit lass med bøker frå mor mi tidlegare i år, pluss litt innkjøp attpå, er talet no 106.
To av seks punkt er litt i underkant. Men likevel er eg totalt sett nøgd med leseåret.
Og den siste målsetjinga rauk, nesten som venta. Talet var 17 eit stykke ut i juni, og det var vel 23 ved månadsskiftet (fekk ein pakke med bøker frå Brasil). I løpet av sommaren stend eg i fare for å arve ein haug med bøker, så no spørs det ...
På den andre sida så ligg eg godt an med dei øvrige måla.