Dette er ei oppvekstskildring frå Surnadal på Nordmøre. Hovudpersonen Trym, som ein må anta til ein viss grad er forfattaren sjølv, fortel om venskap, fiendskap, rampestrekar, pubertet, mobbing, gjengmentalitet, jenter, råning, fyll og spetakkel; med andre ord ein normal oppvekst i bygde-Norge (og sikkert mange andre stadar). Eg vil tru framstillinga til ein viss grad er karikert, ein del av galskapen som blir skildra har eg vondt for å ta bokstaveleg.

Den viktigaste delen av historia er imidlertid om venskapet med Robban. Robban er eit år eldre enn Trym, og er ein outsider i ungdomsmiljøet. Sjølv om han er fink til å skru og mekke blir han sett på som ein raring, og ingen vil ha noko med han å gjere. Derfor kjem Trym i klemme, han våger ikkje å vedkjenne seg venskapet til Robban fordi han då vil miste sin posisjon i rangsstigen.

Forteljaren, og kanskje dermed også forfattaren, kjem også med ein del spark til lærarstanden i boka. Det er tydeleg at han meiner lærarar eller andre vaksne burde ha sett meir, og i større grad gripe inn i den dårlege behandlinga mobbeoffera i boka fekk. Dette er nok dessverre framleis ei aktuell problemstilling, sjølv om eg har inntrykk av at mobbing blir tatt meir på alvor no enn for nokre tiår sidan.

Språket, eller kanskje heller stilen, i boka er av vekslande kvalitet. Innimellom er der flotte og gripande skildringar, andre gangar blir det platt og flatt. Enkelte parti får meg til å tenke «skulestil», fleire av desse passasjane har det til felles at dei skildrar forteljaren sine bravader i ein lettbeint og «skrytete» stil. Her kunne forfattaren ha tent på ei ny gjennomarbeiding av teksta. Dei beste passasjane derimot er, i tillegg til der den unge Trym skriv til seg sjølv i framtida, dei der forteljinga sklir over i magisk realisme. Eit par av desse var heilt fantastiske. Totalt sett var boka derfor leseverdig og vel så det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

ritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieTonjeNorahcathy