Juleførebuingar? Det er jo nesten to veker til jul. Slapp av, null stress.
Eg driv og les på Burnout av Tiger Garté, ei lettlest og tankevekkande bok om oppvekst, ramp og mobbing i eit bydgesamfunn. Så kjem eg sikkert til å starte på Den ulende mølleren av Arto Paasilinna. Min føste Paasilinna, gleder meg spesielt til denne.
Sjølv om eg har gjort det til ein greie å ikkje stresse med jul, så har eg også advent i tankane ved vidare bokval. Eg har lest at Jon Fosse sin Andvake er tydeleg inspirert av juleevangeliet, så då passar det vel å smette inn denne etter Paasilinna.
Så skal eg på ein laaaang ekspedisjon i helga for å sjå på ein bil eg lurer på å kjøpe. Dermed har eg lasta inn eit par lydbøker på mobiltelefonen for turen; Herman av Lars Saabye Christensen og Mors og fars historie av Edvard Hoem. På denne måten har eg sikra meg at turen ikkje er bortkasta sjølv om det ikkje skulle bli bilkjøp.
God helg!
Viser 6 svar.
Veit du, Jostein, no fekk eg altså lyst til å lese "Andvake" - har ikkje lese noko av Jon Fosse, men no skal det bli! Det får bli biblioteket i morgon.
Håper du likar Paasilinna - eg har mora meg godt over fleire av bøkene hans, Kollektivt selvmord er kanskje den eg likte best!
Lukke til med bilhandel! :-)
Blei bil, ja. På tur heim no, med Herman på CD-spelaren. Fin bok.
Gratulerer! God bok i god,ny bil! Då reknar eg med at du er fornøgd med dagen!
Gratulerer med ny bil, regner jo med at den vil døpes Herman...?
Bra forslag, men eg burde nok heller døype den Bukowski eller noko slikt. Den er nemlig fryktelig tørst.
Å, det er ikke tilfeldigvis en av bilene som blir brukt i On The Road? Øh Jostein, du er ikke havna På Kjøret nå?