Olav Duun diktar saman ganske spenstige persongalleri i bøkene sine, eg har lest dei 6 Juvikfolke-bøkene tidlegare, og no denne som er den første i ein trilogi. Felles for alle bøkene er at eg ofte har vondt for å forstå kva som driv personane, og kanskje er det nettopp dette som gjer at bøkene fenger slik hos mange? Trass alt handlar jo menneske ofte ganske irrasjonelt, og det er ikkje alltid godt å setje ord på kva som djupast sett gjer at vi oppfører oss som vi gjer.

I denne boka er det Ragnhild som er hovudpersonen, ungkone på garden Stavsund, og eit grepa kvinnfolk. Resten av folket som bor på garden utgjer ei ytterst dysfunksjonell familie, med svigerfaren Didrik som hustyrann og intrigemakar. Ikkje intriger for ufreden sin del, men for å kunne setje igjennom visjonane sine om å etablere og bli eigar av ei moderne kornmølle.

Med det varierte persongalleriet, intrigemakeriet og den fortetta stemninga innad i husstanden fekk eg assosiasjonar til TV-programmet Farmen, eit program eg ikkje har sett og dermed berre har overfladisk kjennskap til, men som eg likevel skammeleg nok har solide fordomar mot. Enkelte av husstanden blir, om ikkje stemt ut, så i alle fall ekspedert ut av garden på ymse vis. Så skal eg ikkje røpe kven som blei vinnaren, i den grad ein kan seie det blei ein vinnar til slutt.

Det beste med boka er måten Duun får fram stemningar på. Små dialogar der det er like mykje som er usagt som sagt, hint om overtru, gjeremåla og faktene til personane, og i kombinasjon med ver og natur. Men som nevnt innledningsvis, sidan eg ofte ikkje forstod personane, eller kanskje er det rettare å seie at eg ikkje identifiserte meg med dei, så følte eg at eg ikkje fekk fullt utbytte av å lese boka. Likevel kjem eg nok på eit eller anna tidspunkt til å lese dei to siste bøkene i trilogien. Eg vil jo trass alt gjerne vite kva som skjer vidare.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

LailaBerit B LieIngunn SReadninggirl30LilleviAnne LiseAndreas BokleserNorahStig TPrunellaMarkus IngebretsenRufsetufsaPiippokattaKarina HillestadSynnøve H HoelRoger MartinsenIrene KnudsenPer LundHarald AndersenKirsten LundAnne Helene MoeToveAnneWangCathrine PedersenMarenKikkan HaugenAnneIrenelesergretemorCarine OlsrødHarald KAnne Berit GrønbechBård StøreStian AxdalGunn DuaasHegeArne SjønnesenalpakkaJulie StensethJan-Olav Selfors