Eg liker innimellom å søke opp info på nettet om detaljer i bøkene eg les. Spesielt i Steinbeck sine bøker, som eg har lest ein del av siste året, dukker det ofte opp opplysningar som eg tykkjer er moro å finne ut meir om. For eksempel Sam Malloy som, når han vil gi den flottaste presangen han kan tenke seg, gir bort ei veivstang og stempel frå ein 1916-modell Chalmers. Hadde aldri høyrt om dette bilmerket før (som eg kan hugse, i alle fall), men her er i alle fall eit bilete av ein 1916-modell av dette merket.
skriv bildebeskrivelse her

Men sjølv om eg ikkje kjenner bilmerket, så er eg jo, i det minste overfladisk, kjend med den svenske tekniske høgskulen med same namn. Det opphavelege namnet til denne institusjonen var "Chalmerska Slöjde Skolan" og blir derfor i enkelte norske akademiske kretsar humoristisk omtalt som sløydskulen, sjølv om "slöjd" i det opphavelege namnet nok var eit mykje vidare omgrep enn det vi på norsk assosierer med sløyd.

Når Chalmers då dukka opp som bilmerke i denne boka, assosierte eg då dette med sløyd, og tenkte for meg sjølv at det kanskje kunne vere ein ola-bil (i min barndom heitte dette kassebil, men no tyder visst kassebil ein form for varebil).

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Doc siterer fleire vers av eit dikt på slutten av boka.
Dette er eit indisk kjærleiksdikt frå 1000-talet.
Litt om bakgrunnen for diktet her, og den fullstendege omsetjinga som Doc siterer frå her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for begge trådene! Steinbeck-"elsker" som jeg anser meg for å være: Må innrømme at jeg ikke la særlig vekt på dette diktet som Doc leser i den vakre slutten av boken. Håper det er snakk om de tre vers som er med i min utgave er Pax forlag 1998. Og er oversettelsen til Nils Lie. Boken er opprinnelig fra 1945. At den ble "renewed" i 1973 av Elaine Steinbeck, Thom Steinbeck og John Steinbeck IV i 1973 har gått meg hus forbi. Den første norske utgaven kom på Gyldendal i 1979. (Sies det i min utgave, jeg tror den kom før!).
Det var den jeg skulle beholdt.
Har nok lest utgaven til Pax et par ganger, dog ikke så mye at "limingen" i ryggen (angis å væe innbundet) har revnet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Når blei hamburgerar, eller heller nemninga "hamburger" vanleg i Norge? Eg hugsar det som at dette blei vanleg litt før midten av 1980-talet, men så må eg føye til at min oppvekst var i lett landlege strøk. Eg ser ikkje bort frå at ein åt hamburgerar i byane lenge før dette.

Doc er på reise i kapittel 17, og her legg han i seg av både hamburgerar og (grøss) øl-milkshake. Har sjekka i den engelske teksta at det faktisk er dette han får. Men i den norske omsetjinga i mi utgåve av boka, av Helge Skolem, et han karbonadesmørbrød i staden for hamburgerar. Utgåva mi frå Fredhøis er frå 1989, og på tittelbladet gjeng det fram at copyrighten til omsetjinga også er frå 1989.

I den nyare utgåva frå 1998 på Pax forlag, er det faktisk hamburgerar Doc et. Men i denne omsetjinga, av Nils Lie, får han ikkje øl-milkshake, men i staden noko som sikkert er minst like vemmeleg, øl-iskrem. Merkeleg, tenkte eg, for i 1998 var jo også milk-shake godt innarbeidd i Norge (eg meiner eg drakk min første på slutten av 70-talet).

Men når eg blar litt i nasjonalbiblioteket finn eg at den første omsejinga av boka til norsk er av Nils Lie i 1946, altså same omsetjinga som ligg til grunn for 1998-utgåva. Var det alstå slik i 1946 at ein ikkje kunne vente at publikum visste kva ein milk-shake er og derfor oversatte det til iskrem, medan "hamburger" var eit kjent begrep? Eller var også "karbonadesmørbrød" ukjent i 1946 slik at ein like godt kunne halde seg til den formodentleg eksotiske hamburgeren?

Ja ja, her i heimen hadde vi forøvrig heimelaga hamburgerar til middag i dag. Finnest ikkje makan. Men øl-milkshaken ventar eg med, på ubestemt tid.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Silje-Vera Wiik ValemgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolKirsten LundHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryHarald KrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaske