Eg trudde at eg visste nokonlunde frå før korleis historia gjeng då eg starta på denne boka. Men sjølv om ein del element av handlinga var slik som eg venta, var dei likevel proporsjonert langt annleis enn eg såg for meg.

Ungjentene Siss og Unn blir venar. Siss er ein leiartype i kameratflokken, medan Unn er nyinnflytta i bygda og vel å halde seg litt utanfor felleskapet. Likevel finn dei saman, og knyter eit forunderleg band mellom seg basert på usagde løyndomar. Når Unn forsvinn og det blir satt i gang leiteaksjon etter ho, forsvinn også Siss inn i seg sjølv. Den kanskje sterkaste delen av boka, ved sidan av språket og naturskildringane, er korleis Siss kjempar for å vere trugen mot Unn og løyndomen ho sjølv ikkje veit kva er. Det virker som ho ikkje forstår sjølv kor hardt ho sørger over tapet av veninna.

Det er mykje som er usagt, eller berre hinta om, i boka. Som regel likar eg dette, men denne gangen kjende eg i for stor grad at eg ikkje hang med. Kva var eigentleg den farlege løyndomen som Unn aldri fortalte om, og kor viktig er det å forstå dette for å skjøne resten av teksta? Så tek eg det for sjølvsagt at isslottet i tillegg til å vere eit fysisk naturfenomen som er sentralt i handlinga også er ein metafor for sinnstilstanden til Siss. Men var også omstenda rundt Unn sin forsvinning ein metafor? Og ein del av dei andre skildringane, t.d. fuglen som tek tilhald ved isslottet, kva er det Vesaas vil fortelje her?

Eg tek det som teikn på at det er ei god bok når eg undrar med over slike ting i mange dagar etter eg er ferdig å lese den. Men sidan all undringa gjekk utover flyten i historia blei det ikkje topp terningkast frå meg. Likevel, på ingen måte nokon dårleg leseoppleving, og eg kjem til å gi meg i kast med Fuglane av same fortattar i løpet av ikkje alt for mange månadar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

RufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieTonjeNorahcathyHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland Skjeggerud