Ei kort og grei samling av korte og stort sett greie noveller. Eg ser i andre omtaler at enkelte meiner at eit par av novellene er av vesentleg betre kvalitet enn dei andre, men det blei ikkje klart for meg undervegs kva for nokre dette skulle vere. For meg virka nivået å vere stort sett jevnt.

Det er som nevnt stutte historier som blir servert, situasjonane og persongalleriet blir kortfatta presentert, om lag som i eit tablå, og historiene har oftast underfundige poeng og unntaksvis også rom for fleire tolkingar. Ein fellesnemnar for dei fleste av stubbane er at hovudpersonen ikkje heilt passar inn, eller er framandgjord på ein eller annan måte.

Er det ein underliggange moral eller bodskap i samlinga? Kanskje, men eg har vondt for å få auge på den. For meg verkar dette å vere ei fingerøving i sjangeren, eit første steg på vegen til ei litterær karriere. Det er inga dårleg bok, men heller ikkje meir enn middels bra etter mitt syn. Likevel fekk boka stor merksemd då den kom ut, kan hende traff den eit kvart i tida, eller så har den kvalitetar som eg ikkje fekk med meg.

Tida det tok meg å lese denne samsvarar med tida det tek for SAS frå å taxe ut frå gaten på Gardermoen og til å lande i Kristiansund. For den som ikkje måtte like boka er det såleis i liten grad bortkasta tid å bla igjennom den. Og for dei som, som meg, liker den middels bra, er den kort nok til at ein ikkje gjeng lei.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtHarald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetil