Den namnlause hovudpersonen er ei ung og nærmast naiv jente som tener for ei amerikansk rik dame under eit opphald i Monte Carlo. Her møter ho den rike og mystiske Maxim de Winter, og trass i ein aldersfoskjel på rundt 20 år blir dei forelska i einannan, gifter seg, og flytter attende til Manderley, det engelske godset til de Winter.

Den førre kona til de Winter, Rebecca, døde eit knapt år tidlegare, og hovudpersonen slit med å finne rolla si som frue på godset, og kjenner både på sjalusi og eit visst mindreverdskompleks i høve til den avlidne Rebecca. I tillegg er omstenda rundt Rebecca sitt dødsfall uklare.

Boka er tidvis godt skrive, åpningskapittelet er noko av det betre eg har lest. Men der er også sekvensar der forteljinga, og kanksje særleg dialogen, blir litt for platt og klisjeaktig. Den beste delen av skrivestilen er kanskje korleis du Maurier manar fram ei uhyggekjensle hjå lesaren sjølv der hendingane i seg sjølv ikkje treng å vere spesielt skræmande.

Det er lett å forstå at dette vart ein bestselgar då den kom ut rett før 2. verdskrigen. Eg vil ikkje ta på meg å vurdere om suksessen hadde vært like stor dersom den kom ut i dag, men eg kan stadfeste at boka absolutt er leseverdig.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

[ Slettet av bruker ]

Sist sett

FriskusenAnne-Stine Ruud HusevågYvonne JohannesenBjørg RistvedtHarald KBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingPiippokattamarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine Louisemay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise Selnes