Femordsomtale: Grundig dokumentar om skjebnesvanger gruveulukke.

Alt for lang omtale:
Kristensen antyder på slutten av boka at ho brukte svært lang tid på å samle saman materiale og skrive det saman til ei bok – 36 år. Det kan eg godt forstå, dette framstend som ein særs grundig og gjennomarbeida gjennomgang av ikkje berre ulukka, men heile historia til den aktuelle gruva og det dramatiske politiske etterspelet ulukka fekk

Sjølv eg som er fødd etter den tragiske gruveeksplosjonen i Ny-Ålesund i 1962 har høyrt om Kings Bay-saka, men eg har hittil hatt berre overfladisk kjennskap til den. Det omkom 21 personar i denne eksplosjonsulukka. Det eg ikkje visste var at det tidlegare også hadde vært ein serie eksplosjonsulukker med dødelig utfall i den same gruva; 26 personar omkom i 1920, 4 i 1927, 15 i 1948, 9 i 1952 og 19 i 1953. Med ein arbeidsstokk på rundt 2-300 personar er dette uhyggelege tal. Like fordømt skulle ein halde fram med å sende folk ned i denne gruva for å hente ut kol.

Inntoget av fjernsyn i dei tusen heimar kan nok vere ein medvirkande årsak til at denne siste ulukka brende seg så sterkt inn i medvitet til det norske folket. Der er ei fornøyeleg skildring av korleis ein ung og ivrig Per Øyvind Heradstveit med eit filmteam frå NRK TV tek seg oppover til Svalbard i eit småfly. Fjernsynsreportasjar frå ulukkesstaden samt direktesending frå minnegudsteneste i Harstad må ha gjort stort inntrykk på folk flest.

Eller kanskje er det det politiske etterspelet som gjer at folk framleis hugsar denne ulukka så godt? Samansetjinga i stortinget var slik at det nydanna SF var i vippeposisjon, og SF hadde uttalt vilje til å felle Gerhardsen-regjeringa ved ei passande anledning. Denne anledninga kom som følge av kritikk av regjeringa sitt ansvar for gruvedrifta i det statlege Kings Bay-selskapet, sjølv om det teknisk sett var skuldingar om at regjeringa hadde freista å halde attende ein rapport som gjorde at den måtte gå.

Årsaka til ulukka blei aldri ordentleg fastslått i nokon offentleg rapport. Kristensen legg til slutt fram si eiga meining om kva som kan ha skjedd, og for ein som ikkje er fagmann virker det absolutt tilforlateleg.

Som historisk dokumentar er denne boka truleg verdt langt meir enn eit terningkast 4. Det er på ein måte urettferdig å påstå at ei dokumentarbok er for grundig, men det var litt av denne kjensla eg fekk medan eg las den. Sjølv om den er velkomponert og gjennomarbeida, er der også eit overveldande antal faktaopplysningar og eit stort persongalleri. På den eine sida er eg glad for at alt dette er med, men på den andre sida gjorde det boka litt tung å lese. Og terningkastet gjenspeglar leseopplevinga mi, ikkje boka sin verdi som dokumentar.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 3 svar.

[ Slettet av bruker ]

Takk for hyggeleg tilbakemelding,

På generelt grunnlag vil eg påstå at folk som opplevde medie-oppstyret rundt ulukka og det politiske oppgjeret i etterkant kan ha stor nytte og glede i å få innsyn i kva som gjekk føre seg bak kulissane. Kristiansen har etter min forstand gjort ein grundig jobb i å nøste opp i dette.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, det tror jeg nok. Og i grunnen burde jeg lese den. Satt akkurat i kveld (på grunn av din bokomtale ) og leste Yngvar Ustvets omtale av saken i hans 8 binds verk "Det skjedde i Norge".
Der tar han også for seg spillet bak kulissene, men detjo noen år siden og nye ting er sikkert avdekket i etterkant så Kristiansens bok må jo være mer detaljert og gi mer innsikt vil jeg tro. DIn
omtale av boken gjorde at jeg plutselig var i vårt barndomshjem i Stavanger, hvor hele familien satt klistret til radioen. Stavanger Aftenblad (som var obligatorisk abonnement i byen den gang, hadde fyldig dekning , flere sider ekstra hver dag. (og en avisside var dobbelt så stor den gang i forhold til dagens aviser.) I skolegården på Gymnaset diskuterte vi i hvert friminutt, på bussen frem og tilbake fra skolen, hadde man radioen på. for sendingene gikk fra morgen til langt på kveld. De to ukentlige billedbladene Aktuell (AP) og NÅ (Libertas/Høyre) hadde bred bildedekning , men kommenterte ut fra hvert sitt ståsted, husker godt NÅ med sin store overskrift " VI VIL HA EN ÆRLIG REGJERING". Sterkt å skrive slik den gang!
Takker for tilbakemelding og kommentar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

FarfalleMarianne MHarald KLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieAlice NordliStig TNerakntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland Skjeggerud