Femordsomtale: Familiedrama frå Egypt i brytningstid
Passe lang omtale:
Den som liker Gunn Marit Nisja sine førre bøker vil truleg også glede seg over denne. Forfattaren virkar å ha funne ein skrivestil som fungerer, og held fast ved den. Som i dei andre bøkene er språket lesevennleg, det er mest damer som er hovudpersonar, og handlinga vekslar ved å følge ulike personar undervegs.
Denne gangen er det ei ung egyptisk dame, Hoda, som er den viktigaste hovudpersonen. Omlag 2/3 av boka fortel historia hennar i 2010 og 2011, med dei dramatiske politiske endringane i landet desse åra som bakteppe. Historia handlar likevel i liten grad om politikk, her er det familiedrama som er hovudmotivet. Hoda er fanga i brytningar mellom vestleg tenkesett og lokale tradisjonar, mellom ynskje om å gjere val som er tenelege for familia og sine eigne kjensler, mellom venskap og kjærleik, for å nevne nokre dilemma som dukkar opp.
Hovud-historia er stykka opp med forteljingar om andre famlilemedlemmer, som til dømes om korleis foreldra hennar traff einannan og måtte kjempe for sin kjærleik, og om grandtanta hennar som også hadde ei uheldig kjærleikshistorie som ung. Den norske turisten/journalisten Sigrid (som det er vanskeleg å unngå å tenke på som forfattaren sjølv) har også ei rolle i forteljinga.
Alt i alt ei passe underhaldande og spennende bok. Ingen innertier for min del, men likevel god nok til at eg garantert kjem til å lese oppfølgaren. Det er nemlig annonsert at dette er den første boka i ein trilogi.