Med eit travelt skuleår godt i gang og ingen delar av jobben på bibliotek (buhu!) vert det mindre tid til lesing her òg - men eg har då nok bøker eg driv på med for det... Eg har Attachments av Rainbow Rowell som hovudbok. Eg likte svært godt ungdomsbøkene hennar, Eleanor and Park og Fangirl, men er ikkje heilt hekta av denne enno. Morosam, lett, underhaldande, men utan karakterane som var so gode i ungdomsbøkene.
På senga les eg, etter inspirasjon frå ein venegjeng på hyttetur førre helg, fyrste Harry Potter-boka. Eg oppdaga det var fire år sidan sist, då er det vel lov? Heile serien kjem til å vera sengelektyre utover hausten.
På øyra har eg høyrespelversjonen av Neverwhere av Neil Gaiman, høyrt for andre gong på under eit år. Har berre att ein episode (som eg sparar på), so til helgas forflytningar på buss eller til fots vert det nok attende til novellesamlinga Rogues, om alle dei som står midt mellom helt og skurk i litteraturen. Svært mange gode, men eg er ikkje so vant til å lytta til noveller, og det vert derfor litt i rykk og napp.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandLinda NyrudPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica Carlsen